200 år med Vinje: Slik blir jubileumsåret

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I samband med jubileet skal vi teppebombe heile landet med Vinje-stoff, spøker Anders Sandvik som er sekretær i jubileumskomiteen og assisterande rådmann i Vinje kommune før han legg til at målet er å gi Vinje den statusen dei meiner han fortener som journalist, målmann, diktar, forfattar og nasjonsbyggjar.

Sjølv om programmet for jubileumsåret enno ikkje er offentleg kan Sandvik fortelje at det blir mange store arrangement fleire stadar i landet. Til dømes blir det ei jubileumshelg, 6.–8. april, med ymse tilstellingar i Vinje kommune.

Anders Sandvik. Foto: Vinje kommune

– Denne helga markerer vi at det nøyaktig er 200 år sidan Vinje blei fødd. Helga opnar med journalistikkseminar for eit breitt publikum. Det blir òg ei festframsyning på laurdagen. Helga blir avslutta med ei Vinje-gudsteneste i kyrkja i Vinje og kyrkjekaffi ved barndomsheimen til jubilanten, Vinjestoga, fortel Sandvik.

Men det er ikkje berre i sjølve jubileumshelga det blir markeringar.

– Jubileet blir òg markert med fleire større tilstellingar. Det Norske Teatret set opp ein festaftan for Vinje med premiere på seinhausten, Den norske turistforeining skal ha ei tilstelling og Vinjerock skal også markere jubileet. I tillegg blir det mange fleire arrangement mange andre stadar i landet, seier Sandvik

Også i Gran kommune på Hadeland, der Vinje døydde, skal ha fleire arrangement knytt til jubileet.

Slik ser eit skisseforslag over det planlagde Vinje-senteret ut. Illustrasjon: Hille Strandskogen Arkitekter / Nynorsk kultursentrum

Nasjonal, regional og lokal komité

Sandvik og Vinje kommune har vore pådrivarar for jubileet. Det var dei som i 2014 tok initiativ til å byrje arbeidet med markeringa. I samband med jubileet er òg det sett ned både ein nasjonal, ein regional og ein lokal komite som har jobba med programmet.

– Det har vore eitt breitt samarbeid og mange aktørar har vore involvert. I byrjinga jobba komiteane kvar for seg, men etter kvart som jubileet har kome nærare har vi jobba meir overlappande, seier Sandvik.

I tillegg til Vinje kommune har også Det Norske Samlaget, Det Norske Teatret, Nasjonalbiblioteket, Norsk Journalistlag, Noregs Mållag, Nynorsk kultursentrum, Telemark fylkeskommune, Folkeakademiet og Olav Vesaas vore ein del av den nasjonale komiteen.

– Ei av dei viktigaste oppgåvene har kanskje vore å svare og hjelpe aktørar som ønskjer å ha ei tilstelling i samband med jubileet, fortel Sandvik.

Neste år byrjar òg bygginga av Vinje-senteret, som skal vere eit senter for dikting og journalistikk.

– Det er klart det er viktig at ein kjem i gang med bygginga av Vinjesenteret neste år. Det er på høg tid at ein får eit museum av denne typen, altså eit senter for journalistikk. Det har vore noko vi i Vinje har ønskt sterkt og vi trur senteret kjem til å bli viktig, både regionalt og nasjonalt, seier Sandvik.

Ottar Grepstad og Nynorsk kultursentrum er ein del av den nasjonale komiteen i samband med jubileet. Foto: Lars O Flydal/ Nynorsk Kultursentrum

– Vinje er blant dei største på nynorsk

Også stiftinga Nynorsk kultursentrum har spelt ei sentral rolle i arbeidet med førebuingane til Vinje-jubileet. Ottar Grepstad, som er direktør der, er full av lovord om nynorskmannen som snart blir 200 år.

– For nynorsk skriftkultur har Aasmund Olavsson Vinje vore svært viktig. Berre Ivar Aasen har betydd meir, seier Grepstad.

Grepstad gav tidlegare i år ut ein bibliografi over alle tekstane av og om journalisten og forfattaren Vinje.

– Det er mange som har blitt gripne av tekstane til Vinje og utbreiinga av tekstane hans er enorm. I samtida si hadde han ein heilt eigen og unik måte å skrive på, som var svært laus og ledig, fortel Grepstad.

Av det Vinje publiserte som journalist trekk Grepstad fram utanriksstoffet.

– Det har til dels vore underkommunisert at Vinje skreiv mykje utanriksstoff. Han var veldig internasjonalt orientert og kryssa landegrenser med stoffet sitt. På den måten gav han nye perspektiv til dei som las på nynorsk, fortel Grepstad.

I tillegg peikar han på at Vinje var meir enn forfattar og journalist.

– Vinje var òg ein stor talar og var veldig etterspurd som det, avsluttar direktøren for Nynorsk kultursentrum.

(©NPK)