Unge Venstre krev nytt asylforlik

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I romjula var det to år sidan innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug la fram sine forslag til innstrammingar i asylpolitikken.

No tar Unge Venstre til orde for å laga eit nytt asylforlik på Stortinget med større liberaliseringar. Dei hevdar dagens asylpolitikk er «inhuman, inkonsekvent og ikkje tar godt nok vare på born».

– Dagens asylpolitikk er altfor streng, og tar ikkje tilstrekkeleg vare på born som flyktar aleine frå krigsherja land. Me meiner asylforliket bør reforhandlast, slik at situasjonar me såg med oktoberborna i fjor ikkje oppstår igjen, seier Sondre Hansmark som leiar ungdomspartiet.

– Forferdelege konsekvensar

Unge Venstre peikar blant anna på reglane knyta til einslege mindreårige asylsøkarar, familieinnvandring, og retur av asylsøkarar til tredjeland som særs problematiske:

– Me har eit asylsystem som liknar litt på eit klossete byggverk som består av dårlege reglar med forferdelege konsekvensar for enkeltindividet. Me vil ha ein heilskapleg asylpolitikk som verkeleg tar vare på dei som treng det aller mest, seier han.

– Kva synest du om innvandringspolitikken i den politiske plattforma mellom Venstre, Høgre og Frp?

– Eg er veldig nøgd med at me skal ta i mot fleire kvoteflyktningar. Då sørgjer me for at me hentar dei aller mest sårbare flyktningane til Noreg, og dei slepp å leggja ut på ein lang og farefull ferd til oss. At me doblar talet frå det den raudgrøne regjeringa tok i mot, må nok kjennast pinleg for SV.

– Men er du eigentleg nøgd med regjeringsplattforma, når du no går inn for å endra asylforliket?

– Eg er nøgd med balansen som me har fått, og at ein skal ta større omsyn til barns beste. Den politiske plattforma byggjer på asylforliket, og det er denne grunnmuren me i Unge Venstre no ønskjer å endra på.

Vil ikkje returnera asylsøkarar til utrygge land

Dei siste to åra har Stortinget vedteke ei rekkje forslag som Hansmark meiner svekkjer rettstryggleiken til menneske på flukt. Arbeidarpartiet, Høgre og Frp har til dømes sørgja for å innføra mellombels opphald for einslege, mindreårige asylborn, og dei har òg fjerna ei avgjerd som sa at ein måtte vurdera i kva grad det er rimeleg å senda barn tilbake til eit krigsherja heimland. Det førde blant anna til at me fekk ein bråte med dei såkalla «oktoberborna» som skulle sendast heim til Afghanistan.

– Kan du nemne nokre døme på tiltak som dei vil få med i eit slik forlik som du nemner?

– Eg meiner ein bør sørgja for å redusera  for barn som flyktar hit åleine, gjer det lettare å få løyvd familiegjenforeining, og sørgja for at ein ikkje returnerer asylsøkarar til land som ikkje blir sett på som trygge.

– Kva parti håpar du å få med deg på eit slik forlik?

– Eg håpar at SV, MDG og KrF vert med på eit slikt forlik. Dette gjev òg høvet til både Høgre og Arbeidarpartiet å visa kva for ein asylpolitikk dei verkeleg står for.

– Kva med moderpartiet Venstre?

– Eg er trur at om eit nytt asylforlik vil oppstå, så vil Venstre stilla seg bak det.