For å utrydde fattigdom må me ha skattereglar som er laga for den globaliserte verda me lever i, skriv Changemaker.

Synnøve Ofte Jakobsen og Håvard Skogerbø, Changemaker
Synnøve Ofte Jakobsen og Håvard Skogerbø, Changemaker
Faktaboks

Eit skatteparadis er eit land med ulike skatteinsentiv for multinasjonale selskap og ekstremt rike.

Landa har ofte lågt skattenivå, mykje hemmeleghald, og enkel registrering av nye selskap.

Det nye forslaget: Eit selskaps totale verksemd blir kartlagt ved at dei må rapportere nøkkelverdiar frå alle underselskap til skattemyndigheitene. Ein fordelingsnøkkel avgjer korleis og kvar selskapet har hatt verdiskaping, altså kor stort skattegrunnlaget er i kvart enkelt land selskapet hadde verksemd i. Einskapleg skattlegging vil innebere ei stor administrativ forenkling både for selskap og skattemyndigheiter, samt gi land auka skatteinntekter.

LES FAKTALUKK FAKTA

1200 milliardar dollar forsvinn kvart år frå fattige land gjennom ulovleg kapitalflukt. Changemaker meiner det er på tide å ta problemet ved rota: eit forelda skattesystem som ikkje er tilpassa auka globalisering og multinasjonale selskap.

I november 2016 la EU-kommisjonen fram eit forslag til eit nytt skatteinitiativ, som presenterer ei meir einskapleg tilnærming til skattlegging. Sterke stemmer i EU meiner forslaget er alt for ambisiøst og vidtrekkande, men sivilsamfunnsorganisasjonar meiner forslaget er langt frå ambisiøst nok.

Nye tider krev eit nytt system
EU-kommisjonens forslag heiter Common Consolidated Corporate Tax Base (CCCTB), og kan gjere det atskillig mindre lønsamt for store, multinasjonale konsern å flytte profitt til skatteparadis. Ifølge EU-kommisjonen sjølv, vil det «fjerne behovet for internprising, som er ei primærrute for ulovleg profittflytting».

I dag vil bruk av eit skatteparadis gjere at eit selskap betaler minimalt eller ingenting i skatt, utan at nokon får vite om det. På tross av at selskapa har liten eller ingen verdiskaping i desse paradisa, er det likevel her selskapa betalar storparten av skattebyrden sin, som ofte blir ekstremt liten.

Med ein einskapleg tilnærming til skattlegging blir heile selskapsstrukturen rekna som ei eining, inkludert alle dotterselskap, holdingselskap, utanlandsavdelingar og liknande. Kor mykje selskapet skal betale i skatt i kvart land blir fordelt etter kvar selskapet hadde faktisk verdiskaping. Då blir eventuelle skatteparadis avslørt som ein uproduktiv og overflødig del av selskapsstrukturen.

LES OGSÅ: I 2015 vart dei norske reglane for skatteparadis strengare

Tungrodd politisk prosess
Initiativet som no blir diskutert blei fyrste gong fremma i EU i 2011. Då stranda forhandlingane på grunn av manglande semje i Ministerrådet. Berre dei kan vedta endringar i EUs skattereglar, og berre ved samrøystes vedtak. No har kommisjonen tatt opp tråden att, og denne gongen har dei også EU-parlamentet med seg.

Det mest omdiskuterte punktet i forslaget er måten å fordele skatten på. Det blir gjerne kalla ein fordelingsnøkkel, og er basert på faktorar som selskapet si verdiskaping, tal på tilsette, og eigedom i kvart land. Det er denne fordelingsnøkkelen som har gjort forhandlingane vanskelege, sjølv om mange medlemsland er positive til konseptet.

Av omsyn til sjølvbestemming i medlemslanda, har ein til no vore  forsiktig med å sameine skattepolitikken i EU, og ein slik fordelingsnøkkel kan framstå truande for medlemslanda. Når EU no diskuterer det likevel, tyder det på at ein endeleg byrjar å ta problema rundt kapitalflukt på alvor, og det til tross for at skatteparadis som Nederland og Luxembourg vil beskytte sine interesser.

Ingen mirakelkur
EU-kommisjonens forslag til einskapleg skattlegging er ikkje perfekt. I dag er det ingen garantiar for at fordelingsnøkkelen blir slik at den også kjem fattigare land til gode, og at den ikkje vil tildele rikare land ein uforholdsmessig stor del av skatteinntektene.

Ein rettferdig fordelingsnøkkel må sikre at landa der eit selskap har høg produksjon og mange tilsette får sin del av skattekaka.

Vidare, dersom ei form for einskapleg skattlegging blir innført i EU, kan skatteparadis som Nederland og Luxembourg halde fram med låge skattesatsar for selskap, sidan skattenivå ikkje er omfatta av EU-avtala og altså ikkje kan regulerast av CCCTB. I verste fall kan det også føre til at land konkurrerer om å ha lågast mogleg skattesats for å tiltrekke seg selskap og investeringar. Det vil mindre selskap og privatpersonar betale rekninga for.

LES OGSÅ: Bill Gates: – Skattlegg robotar

Skatt i norsk valkamp
Ulovleg kapitalflukt saboterer utryddinga av fattigdom, som er FNs Bærekraftsmål nummer 1. Me i Noreg må også gjere vårt for å utrydde fattigdom og kome oss bort frå eit utdatert skattesystem, laga på 1910-1920-talet. Me må inn i dette hundreåret, med reglar laga for den globaliserte verda me lever i.

EU har fleire skatteparadis blant medlemslanda, men har likevel byrja å snakke om tiltak mot slik praksis. Norske politikarar bør tørre å gjere det same.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.15

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE