Kritiserer oljepolitikken i regjeringsplattforma

Grøn Ungdom meiner den nye regjeringa vernar oljepolitikken frå 60-talet, men gir skryt for avvikling av pelsdyrnæringa.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Gråblå regjeringsplattform

Før valet sa Venstre-landsmøtet nei til 24. konsesjonsrunde, men i regjeringsplattforma gjev dei støtte til nyopning av oljefelt. Berre ikkje i Lofoten, Vesterålen og Senja ut denne stortingsperioden.

– Oljenæringa sikrar at Noreg kan pryda seg med tittelen sjuande største klimagasseksportør i verda. Ei regjering som ikkje har mot til å ta grep om det største klimaproblemet i landet kan ikkje kalla seg grøn. Gråblå er meir passande enn blågrøn, seier Hulda Holtvedt, nasjonal talsperson hjå Grøn Ungdom.

Ho viser til at prisane på fornybar energi stupar over heile verda. Likevel vidareførar regjeringa dei enorme skattefordelane til oljenæringa gjennom ordninga med å refundera kostnadene for oljeleiting.

– Vi har allereie funne meir olje og gass enn det vi kan utvinne innanfor Parisavtalen. Det er absurd å planlegge for oljeverksemd som vil bryta togradersmålet med all den kunnskapen vi har om klimakrisa, seier ho.

Får ros for avvikling av pelsdyrnæringa

Grøn Ungdom jublar derimot for avvikling av pelsdyrnæringa.

– Endeleg sluttar me å statssubsidiera den inhumane pelsdyrnæringa og avviklar ein produksjon som ingen treng, seier Ola Eian, den andre nasjonale talspersonen til Grøn Ungdom.

– Allereie i dag kan regjeringspartia vise at dei meiner alvor. Dei Grøne har sendt inn framlegg på Stortinget om å avvikle pelsnæringa og 16. januar er fristen for Næringskomiteen til å gje si tilråding. Reknar med V, H og Frp ikkje bryt regjeringsløftane etter to dagar.

Grøn Ungdom håpar òg Venstre klarer å pressa gjennom eit forbod mot pelsimport.