Ny regjering vernar Lofoten og avviklar pelsdyrnæringa

Blir møtt med jubel frå Natur og Ungdom og NOAH.

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Høgre, Framstegspartiet og Venstre er blitt samde om å danna ei ny regjering saman. Under ei pressekonferanse på Hotell Jeløya Radio utanfor Moss presenterte dei i dag politikken dei vil føra dei neste åra.

Gaute Eiterjord er 1. nestleiar i Natur og Ungdom.

– Me jublar for at Lofoten, Vesterålen og Senja og dei andre sårbare områdene ikkje blir opna for olje, seier Natur og Ungdom-leiar Gaute Eiterjord. Foto: NU

Eitt av punkta partia er blitt samde om, er å ikkje opna havområda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja for leiting eller utvinning av olje og gass i denne stortingsperioden. Også Jan Mayen, iskanten, Skagerrak og Mørefelta skal enn så lenge vernast mot oljeaktivitet.

Sjette gong på 17 år

Det sender jubelen i taket hos Natur og Ungdom:

– Dette er sjette gong på 17 år at den folkelege motstanden mot oljeboring vinn fram, sjølv om fleirtalet av politikarane vil ha olje. No ventar me at denne saka er vunnen éin gong for alle, og at det blir starten på at sårbare område blir oljefrie soner og at vi lar den norske olja bli i bakken, sier Gaute Eiterjord, leiar i Natur og Ungdom i ei pressemelding.

Arbeidarpartiet ser derimot raudt:

– Regjeringa sviktar oljenæringa, og det er liten tvil om at den vesle tilliten Frp og H hadde i forhold til oljepolitikk, er forsvunne med ny regjering, seier oljepolitisk talsperson i Ap, Hege H. Liadal, ifølgje NRK.

Regjeringa gir likevel ingen signal om at dei vil la «olja bli i bakken». Sjølv om enkelte område skal vernast, lovar regjeringsplattformen å leggja til rette for meir produksjon av olje og gass og å gi oljeindustrien tilgang på nye leiteareal gjennom jamlege konsesjonsrundar.

Forbyr pelsdyroppdrett

Ei anna, kanskje meir overraskande nyhende i Jeløya-plattformen er at regjeringa lovar å gjennomføra ei styrt avvikling av pelsdyrnæringa. Eksisterande pelsdyrfarmar skal få sju år på seg før dei må stengja dørene. Dei skal også få økonomisk kompensasjon, lovar regjeringa.

Dyrerettsorganisasjonen NOAH jublar slik på Twitter:

Tut og køyr

Naturvernforbundet er på si side skuffa over det dei omtalar som «framleis tut og køyr for motorvegar» i Jeløya-plattformen.

– Regjeringa vil halda fram kursen med å asfaltera Noreg raskare gjennom omfattande motorvegutbygging, til skade for natur, friluftsområde, klima og luftkvalitet, seier leiar Silje Ask Lundberg i ei pressemelding.

Ho sender ei klar forventing til den nye regjeringa:

– Flytrafikken bør begrensast, og mindre forureinande alternativ, som tog, bør prioriterast framfor veg og fly.