Eva Weel Skram til Dei nynorske festspela

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eva Weel Skram frå Sogndal song på engelsk då ho først vart kjend som popartist i Eva & The Heartmaker. Dei siste åra har blitt soloartist og byrja å skrive på dialekt, og i sommar kjem ho til Dei nynorske festspela saman med gitarist og låtskrivar Thomas Stenersen.

– Skram skriv personlege tekstar og musikken hennar byr på eit spekter av kjensler som publikum gjerne kjenner seg att i. Det handlar om kjærleik, vennskap og familierelasjonar som ho framfører med si særeigne stemme, skriv Dei nynorske festspela i ei pressemelding.

I fjor opplevde festspela det lågaste publikumstalet på fleire år, og arrangørane håper nok at den populære sogndølen skal hjelpa dei til å trekkja fleire gjester til Aasen-tunet og omkringliggjande arenaer i sommar.

Forfattaren Marit Eikemo er tidlegare annonsert som årets festspeldiktar på festspela som finn stad i Ørsta frå 7.–10. juni.

Les meir om Dei nynorske festspela her!