Ny Natur og Ungdom-leiar vil halda fram kampen mot olja

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Den norske oljepolitikken svik min generasjon og truar mi framtid. For oss er det klart at staten bryt grunnlova og vår rett til eit helsesamt miljø, og eg håpar me får høve til å ta saka vidare i rettssystemet, seier Gaute Eiterjord.

Tysdag vart 22-åringen frå Stavanger vald til ny leiar i Natur og Ungdom. Han nyttar høvet til å slå fast at han ikkje vil gi opp klimasøksmålet organisasjonen har ført mot staten, sjølv om Oslo tingrett før helga frikjende staten for brott på miljøparagrafen i grunnlova.

– Me er ueinige med denne dommen. Klimaet toler ikkje meir olje. Det er klimaforskarane krystallklare på, seier Eiterjord i ei pressemelding frå Natur og Ungdom.

Den nyvalde leiaren melder også tydelege forventingar til Venstre, Høgre og Framstegspartiet, som i desse dagar sit i regjeringsforhandlingar på Jeløya utanfor Moss.

– Me krev at ei ny regjeringserklæring må stoppa utdelinga av nye område til skiten oljeindustri og satsa på fornybare ressursar. Me forventar som eit minimum at særleg sårbare havområde slik som Lofoten, Vesterålen og Senja og iskanten blir halde oljefrie, seier Gaute Eiterjord.

Eiterjord har dei siste åra vore nestleiar i Natur og Ungdom, og overtar toppvervet etter Ingrid Skjoldvær frå Svolvær. Han får med seg Torgeir Vestre (22) frå Ålesund og Haldis Tjeldflaat Helle (20) frå Oslo som høvesvis første og andre nestleiar.