– Ungdommar møtest med «så søtt at du er engasjert»

Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 20.02.2020 11:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Difor møter ungdom hersketeknikkar

Mange ungdommar i organisasjonslivet, i politikken, og elles, opplever hersketeknikkar frå vaksne. Eit døme var då Karoline Steen Nylander, dåverande leiar i organisasjonen Press, møtte politisk redaktør i Dagbladet, Geir Ramnefjell, i Dagsnytt 18 for å snakke om Gullbarbie 2016 – ein pris Press gir til nokon dei meiner bidrar til dårleg sjølvtillit for unge. I debatten seier redaktøren «Eg høyrer at du er engasjert».

– Hersketeknikkar kan føre til at ungdom ikkje tør å nytte røysta si, fryktar Press-leiar Øystein Kvalø. Foto: Press

Den noverande leiaren i Press, Øystein Kolstad Kvalø, fortel at dette er ein av dei mest brukte hersketeknikkane mot unge.

– Mange engasjerte ungdommar møter på «så fint at du er engasjert», eller «du endrar nok meining når du blir eldre.» Desse har eg fleire gongar opplevd sjølv.

Starta kampanje

I 2015 starta Press ein kampanje for å synleggjere hersketeknikkar vaksne bruker mot unge. Kampanjen vart til som følge av at Kvalø og dei andre leiarane såg at medlemmane vart møtt med nedlatande vaksne, som i viktige møte ikkje tok dei på alvor.

– Medlemmane våre vart den gongen, og blir framleis, møtt av vaksne som synest det er «søtt at ein er engasjert», eller som avfeiar meiningane og politikken vår fordi vi er for unge til å forstå. Når ungdom møter urettferdige haldningar og samstundes ikkje har demokratiske rettar, ville vi gje dei ei sterkare røyst i samfunnet.

– Dei eldre er ikkje automatisk kloke

Sigrid Sollund er programleiar i Dagsnytt 18 og gav i haust ut bok om hersketeknikkar, ei bok som har fått stor merksemd. Sollund trur at unge menneske har mindre autoritet fordi dei som regel har mindre makt og lågare posisjon. Dei har heller ikkje rekt å få den tyngda som erfaring og stilling fører til.

– Sjølv om vi ikkje lenger lever i eit samfunn der vaksne og gamle automatisk er sett på som kloke, og der unge ser opp til dei eldre, så heng tankegangen litt igjen. Det er ikkje så rart, som regel får ein litt meir innsikt med alderen. Men det betyr ikkje at unge menneske manglar kunnskap og viktige erfaringar. 

«Hersketeknikker – nyttige og nådeløse» er gitt ut på Kagge forlag.

– Eit meiningslaust kompliment

Sollund trur at ein del hersketeknikkar mot unge blir brukt i god tru. Å rose nokon for engasjementet deira, kan vere eit døme på det. Men ho synest det er eit meiningslaust kompliment:

– Ros hjelper ikkje dersom ingen bryr seg om innhaldet i det du har sagt. Det kan også fungere som ein avleiingsmanøver. Kanskje hadde den vaksne gått tom for argument, då var dette ein praktisk utveg. Andre hersketeknikkar er meir bevisste, som å peike på den andres unge alder eller eigen, lange erfaring. «Dette vil du forstå når du blir eldre» gjer det umogleg for den andre å argumentere imot.

– Kva konsekvensar kan det ha at unge som uttalar seg blir møtte med hersketeknikkar?

– Det er lett å føle seg liten, dum og sett på plass når ein blir møtt med hersketeknikkar. Kanskje særleg når ein er ung og ikkje har erfart at det vel så ofte handlar om dei som utfører dei som for utsette for dei. Det er vanskeleg å kjenne att hersketeknikkar om ein ikkje har eit bevisst forhold til fenomenet. Diverre kan unge let seg skremme av dårlege erfaringar og la vere å seie si meining, i frykt for nedlatande reaksjonar.

Uttrykk for provokasjon

Mange unge får høyre at dei må engasjere seg meir, men samstundes får dei beskjed om å «bli tørre bak øyret» når dei først seier meininga si. Sollund meiner at hersketeknikkar gjerne blir brukt mot nokon som er lågare på rangstigen, men som likevel blir oppfatta som truande. Eldre kan bli redde for å bli utfordra av dei unge.

– Det kan ofte vere ufarleg å bruke hersketeknikkar mot unge, fordi dei har ikkje så mange sanksjonshøve.

– Kvifor har ikkje alle tru på dei unge og deira kunnskap?

– Sjølv om unge er like forskjellige som resten av folket, er dei nok oftare litt meir radikale – dei ønsker ofte å gjere ting annleis enn foreldre- og besteforeldregenerasjonen. Det kan provosere dei eldre. Nokre gongar kan provokasjonen vere forståeleg, andre gongar bør dei som er eldre innsjå at erfaring ikkje automatisk betyr at dei har rett. Sjølv om dei har gjort noko i førti år, betyr ikkje det at dei har gjort det på den einaste rette og absolutt beste måten i førti år, seier Sollund.

Erfaring og autoritet

Ei årsak til at vaksne nyttar hersketeknikkar mot unge, er at dei har meir autoritet. Autoriteten kjem gjerne frå livserfaring, men det meiner Øystein Kvalø i Press er eit dårleg argument.

– Vaksne har kanskje meir livserfaring, men det som er bra med ungdom, er at vi har ein annan type livserfaring. Vi er dei einaste som veit korleis det er å vakse opp i dag, og det synest eg det er verd å ta alvorleg. Å oppleve at ein ikkje blir tatt alvorleg, og å bli bagatellisert grunna alder kan opplevast som heilt håplaust. Hersketeknikkar kan føre til at ungdom ikkje tør å nytte røysta si. I verste fall risikerer vi ein ungdomsgenerasjon som ikkje deltek i samfunnsdebatten.

– Burde vaksne lytte meir til dei unge? Har ikkje ungdom mykje å lære av dei med meir erfaring?

– Vaksne bør heilt klart lytte meir til dei unge. Fordi mange unge ikkje har røysterett, er det desto viktigare å høyre på ungdom for å vareta deira meiningar når politikk skal bli vedteke. Livserfaringa til dei vaksne gjer ikkje ungdommars erfaringar mindre viktig. Vi må lytte til kvarandre. For å få det til, må vi slutte med hersketeknikkar som bagatelliserer ungdommar sine meiningar.