Mange kvinner på Stortinget har opplevd seksuell trakassering

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tre av fire kvinnelege stortingsrepresentantar, 53 av 69, har svart på undersøkinga som NRK har gjennomført.

Over halvparten, 29 kvinner, svarer at dei har opplevd seksuell trakassering, og av desse svarer 86 prosent (25 kvinner) at dette har skjedd i samband med politisk arbeid.

Tina Bru, kvinnepolitisk talsmann for Høgre. Foto: Norsk olje og gass/Flickr/CC-lisens.

– Eg synest det er forferdeleg trist, men eg er ikkje overraska, seier kvinnepolitisk talsmann i Høgre, Tina Bru.

Den seksuelle trakasseringa består blant anna i å ta på kjønnsorgan, å ta på bryst, kniping i rumpa, tvangskyssing og seksuelle hint både i direkte tale og via tekstmeldingar.

Anniken Huitfeldt, kvinnepolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, trur menn har ein høgare terskel for å trakassere kvinnelege stortingspolitikarar enn andre kvinner.

Anniken Huitfeldt har
Foto: Arbeiderpartiet/Flickr/CC-lisens.

– Men vi ser at tala er høge også for politikarar, konstaterer ho.

22 av dei 29 kvinnelege stortingsrepresentantane som seier dei har opplevd seksuell trakassering, seier det dreier seg om seksuelle kommentarar, mens 18 seier dei har opplevd ei fysisk form for uønskt seksuell merksemd.

Ein av stortingsrepresentantane fortel at ho måtte få hjelp av ein mannleg kollega for å stoppe ein pågåande og rusa kollega, mens ein annan slår fast at det nærmast har vore ein tradisjon at eldre mannlege partikollegaar misbruker makta sin til å liggje med yngre kvinner.