Politikk og samfunn

«Unge mistar røysta ved å rope»

– Midt oppi alle dei negative overskriftene er det lett å gløyme éin ting: Ungdom blir drivne til dette fordi dei ikkje blir høyrt, skriv Kristin Sofie Hauge Mansaray frå Operasjon Dagsverk.

Kristin Sofie Hauge Mansaray (20)
Leiar i Operasjon Dagsverk
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Tusenvis av elevar i Frankrike demonstrerer for det som verkar som ei sjølvfylgje: gode nok klasserom, nok lærarar og psykososial støtte i skula. På den andre sida av kloden gjer sørafrikanske elevar det same.

Dersom det må talrike gatedemonstrasjonar og opptøyar skapa av ungdomar for å få litt mediedekking, er det få saker som slår gjennom. Både i politikken og i media.

Og moglegvis er det nettopp det som er problemet.

For midt oppi alle dei negative overskriftene er det lett å gløyme éin ting: Ungdom blir drivne til dette fordi dei ikkje blir høyrt.

Umyndiggjer saka vår

Det er sjølvsagt mogleg å diskutere korleis demonstrasjonar blir gjennomførte, men kvifor er det så mykje enklare å snakke om bråket enn om kvifor ungdomane står i gatene i utgangspunktet?

Édouard Geffray, den franske utdanningsministeren, har omtala demonstrasjonane som eit prosjekt frå «den radikale venstresida» som berre vil skape bråk.

Men kva skjer når vi reduserer ungdomsprotestar til politisk ekstremisme eller uro? Då slepp vi å forhalde oss til det dei faktisk seier.

Og det dei seier er ganske enkelt: Vi vil ha ein skule som fungerer.

Det same gjeld ungdomane i Sør-Afrika.

På andre sida av kloden er det tusenvis av sørafrikanske elevar som har kjempa ein kamp for trygg og rettferdig utdanning over fleire generasjonar.

Kva er det dei krev? Akkurat det same som franske ungdomar.

Dei krev ei utdanning som faktisk gir dei moglegheita til å skape seg eit liv. Ein skule som er trygg. Ein skule som er rettferdig. Ein skule som kan gi ungdomar moglegheita til å bli ein del av eit arbeidsliv og eit samfunn som dei sjølv skal vere med på å byggje.

Likevel vel politikarane i Sør-Afrika å prioritere vekk utdanning. Det er spesielt vanskeleg å forstå i eit land med ein høg andel unge som står utanfor arbeid, utdanning eller opplæring. Utdanning er den viktigaste nykelen til samfunnsutvikling, og å kunne skape moglegheiter og arbeidsplassar i eit land kor så mange unge står utanfor.

Treng vi brutale overskrifter?

Ungdomane som står organiserte i den sørafrikanske kampen blir kalla for Equalizers. Dei organiserer seg, dokumenterer utfordringar, skriv rapportar, jobbar politisk og fører dialog med myndigheitene.

Likevel blir lite gjort. Og då er det vanskeleg å ikkje sjå tilbake på juni 1976.

Tusenvis av elevar gjekk ut i gatene i Soweto og demonstrerte. Fleire blei drepne av politiet. Overskriftene var brutale.

Kvifor krev det tap av ungdomsliv for å skape endring? Kvifor kan ikkje vi bli respekterte og lytta til på same måte som alle andre i vår snare arbeidsstyrke? Kvifor må ungdomar gå frå å organisere seg, skrive rapportar og møte politikarar til å måtte fylle gatene før verda bryr seg? Og kvifor er det først når ungdomar lagar bråk at dei blir interessante?

Verda er ikkje anten eller. Ho er både òg.

Det er lett å tenkje at dette berre handlar om Sør-Afrika eller Frankrike. Men det gjer det ikkje.

Eit symptom

Over heile verda krev ungdomar det same: Ein skule som er god nok. På ungdomane sine premissar.

I Frankrike handlar det om klasserom, lærarar og psykososial støtte. I Sør-Afrika handlar det om blant anna å ha nok klasserom og trygge sanitærforhold. Og i Norge, eit av dei rikaste landa i verda, ser vi i statsbudsjettet at korkje utstyrsstipendet eller skolehelsetenesta blir prioriterte.

Behova er ulike, men årsaka er den same: Politikarar verda rundt prioriterer ikkje utdanning.

Protestane er difor ikkje sjølve problemet. Det er eit symptom. Eit symptom på at ungdomar og utdanning nok ein gong hamnar nedst på lista. Vi høyrer stadig at ungdomar er framtida.

Men framtida får altså ikkje pengar i dag.

Kva for slags signal sender det når dei som skal bere samfunnet vidare må be om det mest grunnleggande?

Når ungdomar på tvers av kontinenta seier det same med ulike ord, er det ikkje tilfeldig. Det er eit varsel. Viss vi berre høyrer bråket, og ikkje bodskapen, går vi glipp av det vi faktisk må endre.

Uansett kor på kloden vi er, krev vi vår rett – utan å måtte slite ut røysta ved å rope.