Gruvedrift gir færre arbeidsplassar – krev omkamp om Førdefjorden

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det planlagte fjord-deponiet i Førdefjorden vil gi færre arbeidsplassar enn tidlegare berekna. Det som tidlegare var rekna med å skape 170 nye arbeidsplassar er redusert til 110.

– Dei nye tala snur opp ned på heile grunnlaget for løyvet til å dumpe gruveavfall i ein av dei  reinaste fjordane våre. Prosjektet er allereie omstridd, og desse nye tala skulle ha vore spikeren i kista for notidas største miljøskandale. Det seier Ingrid Skjoldvær, leiar i Natur og Ungdom.

Mange millionar tonn med avfall i fjorden

Det er på Engebøfjellet i Naustdal kommune at selskapet Nordic Mining planlegg utvinning av granat og mineralet ruptil. Dei har fått løyve frå Klima- og miljødepartementet til å sleppe avfallet frå utvinninga i Førdefjorden. Det var i 2016 rekna at gruveavfallet i fjorden vil utgjere 250 millionar tonn, og dekke 4 km av fjordbotnen. I det området avfallet blir slept ut, er det tatt høgde for at havbotnen blir liggande aude. Utvinninga har tidlegare vore rekna til å skape arbeidsplassar i 50 år framover, men talet er no redusert til 29 år.

Det nye talet på arbeidsplassar kom fram på ei orientering Nordic Mining og driftsselskapet Nordic Rutile heldt for Naustdal kommunestyre i desember. Tala vart først presenterte i avisa Firda.

– Kor mange arbeidsplassar er ein død fjord verdt?

Trass i at Miljødirektoratet har åtvara mot utvinninga, har Nordic Mining fått løyve til utslepp av avfall i fjorden. Det har skapt store reaksjonar blant anna hos Natur og Ungdom. Dei meiner det er avgjerande at det er rekna med færre arbeidsplassar enn tidlegare.

Ingrid Skjoldvær, leiar i Natur og Ungdom.

Ingrid Skjoldvær, leiar i Natur og Ungdom.

– Regjeringa har nekta å svare tidlegare, men no må dei faktisk gi oss eit tal. Kor mange arbeidsplassar er ein død fjord verdt? Det er enno ikkje for seint å gjere ein snuoperasjon. Dette bør være eit av dei viktigaste krava frå Venstre i regjeringsforhandlingane, seier Skjoldvær.

Unge Venstre vil forby gruvedeponi

– Når det kjem til Førdefjorden er det vanskeleg å forby ein prosess som allereie er i gang. Men generelt ønsker vi å forby gruvedeponi og å jobbe for avgift på dumping i fjorden, seier Sondre Hansmark, leiar i Unge Venstre.

Sondre Hansmark, leiar i Unge Venstre.

Sondre Hansmark, leiar i Unge Venstre.

– Dei nye tala viser at det er ei uføreseieleg næring. Gruveavfall er ikkje noko vi skal leve av i mange år framover, og vi meiner ein heller burde satse på turisme og fiskeindustri, seier han.

Han meiner det er viktig at Venstre tek opp fjorddeponia i regjeringsforhandlingane, og meiner at avgift på gruvedeponering kan vere eit viktig verkemiddel for å stoppe drifta.

– Vi forventar at Venstre stiller krav om avgift på dumping og forbod mot gruvedeponi i forhandlingane, seier Hansmark.