Vi uttalar Peer Gynt feil

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I år er det 150-års jubileum for teaterstykket om Peer Gynt, skrive av Henrik Ibsen.

Peer Gynt er det mest kjende norske teaterstykket gjennom tidene.

No har språkprofessor Sylfest Lomheim, som er ekspert på det norske språket, gått ut og fortalt at vi uttalar Gynt på feil måte.

Han meiner at vi eigentleg skal uttale Gynt utan G. Altså Jynt.

Språkprofessor Sylfest Lomheim. Foto: Eirik U. Birkeland/Wikipedia CC BY-SA 3.0.

Sylfest seier at forfattaren bak teaterstykket, Henrik Ibsen, sa Jynt. Her viser Sylfest til lydrim i teksta om Peer Gynt.

– Systemet i norsk er slik at vi legg inn ein j-lyd dersom vi har ein g eller k framføre i eller y.

Gynt er litt litterært og fint og internasjonalt, men at det er feil uttale i norsk språk, er det ikkje tvil om.

Henrik Ibsen henta inspirasjon til dramaet frå ei soge om ein person som skal ha levd i Gudbrandsdalen på 1600-talet. Der er det vanleg å uttale navnet med j.

Sylfest Lomheim skreiv fyrst om dette i ei spalte i Klassekampen.