Bok: Black & Decker og 20 andre forteljingar

Toyni Tobekk
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det meiner eg at dei gjer, sjølv om eg sjølv ikkje er ungdom lenger, på langt nær.

Desse novellene lever sitt eige liv utanfor den samtida dei er skrivne i. Personane, karakterane, ungdommen, dei kjenner, tenkjer, elskar, smakar og lukter som dei personane dei er, uavhengig av om kalenderen syner 1969, 1988 eller 2006.

Å redde nokon som held på å drukne, å lure på korleis ein skal greie å snike seg lydlaust inn etter leggetid, å sjå mor si kysse ein mann som ikkje er eins eigen far, alle desse tinga treng ein ikkje vere fødd og oppvakse i ei gitt tid for å ta inn over seg og kjenne seg heime i.

Forlaget seier i si omtale av boka at det «Ofte handlar om unge som kjem gjennom konfliktsituasjonar med nye innsikter». Det har dei rett i. På mange vis trur eg og at vaksne kan ha nytte av å lese denne boka, og eg er viss om at tenåringsforeldre vil kome ut av permane med «nye innsikter».

Men, det gjeld for så vidt for mange ungdomsbøker, ikkje berre denne kloke og gode boka.