Vil ikkje forby kunstgras enno

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Plastforsøpling er eit aukande problem både nasjonalt og internasjonalt. Spådommen er meir plast enn fisk i havet om vi ikkje gjer noko raskt. I haust blei det kjent at det er funne mikroplast i drikkevatnet vårt. Og langs norskekysten sym det no torsk med plast i magen.

Forureininga kjem frå kvardagen vår: bildekk, kunstgrasbaner, fleeceplagg, kosmetikk og fiskeri og havbruk – for å nemne nokre plastkjelder.

Ønskjer plan for utfasing av kunstgras

Tonnevis av gummigranulat kjem på avvege kvart år frå dei mange fotballbanene av kunstgras. Det forureinar både grunnen og havet. På nyåret kjem nye krav til utforming og drift av banene. Det må til dømes bli lagt filter i avløp, og snø som blir brøyta frå banene, må ikkje berre bli dumpa, men «brukt opp att». Men det blir altså ikkje forbod mot kunstgrasbaner enno.

– Vi kan tenkje oss ein plan for utfasing, men først må det komme haldbare alternativ, seier miljøminister Vidar Helgesen (H).

Fiskegarn

Avfall frå fiskeri og havbruk utgjer, saman med forbruksavfall, ei stor kjelde til marin forsøpling i Noreg.

Klima- og miljøminister Vidar Helgesen trappar opp kampen mot plastforureining. Han lovar mellom anna at det kjem strengare krav til utforming og drift av kunstgrasbaner, som kvart år slepper ut tonnevis av gummigranulat. Foto: NTB scanpix / Terje Bendiksby / NPK

– Her utarbeider vi ei utvida produsentansvarsordning. Industrien må rett og slett ha livsløpsansvar for produkta sine, seier Helgesen.

Klima- og miljøministeren vil dessutan bidra til å gi plasten ein verdi.

– Alt som kan bli brukt opp att, har ein verdi. Sjå berre på suksessen med panteordninga av flasker i Noreg. Vi må alltid sjå på moglegheita for business, seier han.

Plastposeavgift

1. januar innfører handelsnæringa eit vederlag på 50 øre per plastpose. Bransjen skal sjølv forvalte miljøfondet, som skal fremje meir miljøvennlege alternativ.

– Plastposevederlaget vil føre rundt 400 millionar kroner per år inn i fondet, seier Helgesen, som er svært fornøgd med at bransjen sjølv tar dette ansvaret.

LES OGSÅ: Nær all mikroplast i havet kjem frå ti elevar

Tekstilproblem

Mikroplastforureining frå tekstilvask er eit anna problem. Miljødirektoratet er i ferd med å greie ut korleis vi kan forhindre denne forureininga. Det kan vere filter i vaskemaskinar, eller vaskeposar som fangar opp mikroplasten frå plagga våre.

Slitasje frå bildekk, som er den største kjelda til plastforureining på landjorda, kan bli handtert med hyppigare og betre vegvasking som skal fange opp mikroplasten.

– Det er mange løysingar på beddingen, seier Helgesen.

Internasjonalt samarbeid

Det hjelper derimot lite med nasjonale løysingar om ein ikkje får til internasjonalt samarbeid. Etter forslag frå Noreg vedtok FNs miljøforsamling tidleg i desember ei global målsetting om å stanse utslepp av plast til verdshava.

Forskarane fekk litt av ei overrasking då dei opna magesekken til kvalen som gjekk på land på Sotra i januar 2017. Foto: UiB

På Helgesens kontor sit ein fornøgd Erik Solheim, tidlegare SV-politikar, no leiar av FNs miljøforsamling. Han er svært glad for den viktige nullvisjonen for plast i verdshavet, vedtatt på møtet i Nairobi i byrjinga av julemånaden, og roser Noregs innsats. Men forureiningskjeldene er enorme, og vegen fram er lang.

Solheim ser gryande vilje til handling. Fleire land, mellom dei Kenya, Eritrea og Rwanda har forbode plastposar i kampen mot forureininga.

Ny teknologi

Miljøsjefen meiner at det er svært viktig å oppmuntre næringslivet til å ta i bruk ny teknologi, slik at ein kan erstatte plasten som er laga av olje, med biologiske produkt.

Det er godt nytt at store kommersielle aktørar som Nestle og Danone har lovd at dei skal bruke plastflasker av biologisk materiale innan 2020.

Og så må vi bli kvitt dei unødvendige plastprodukta.

– Kva skal vi med til dømes plastsugerøyr, spør Solheim. (©NPK)

LES OGSÅ: Dette veit forskarane om plast i havet

Fakta om mikroplast

* Plastbitar som er mindre enn 5 millimeter.

* Blir anten produsert og tilsett i produkt, eller oppstår på grunn av slitasje på plastprodukt i bruk, eller når større bitar av avfall av plastprodukt over tid blir fragmentert og blir delt opp i mindre bitar i havet.

* Plast bruker svært lang tid på å bli brote ned, i motsetning til papir og matavfall.

* Dyr kan tru at plastbitane er mat og få indre skadar, problem med fordøyinga og ei falsk kjensle av å vere mett. Når mikroplast blir ete av dyr, kan giftene bli med vidare opp i næringskjeda.

* Bitane kan innehalde helse- og miljøskadelege stoff.

* Mikroplast bind seg til miljøgifter frå omgjevnadane.

(Kjelde: Miljøstatus.no, Miljødirektoratet, Mepex)

Fakta om strategien til regjeringa mot plastforureining i 2018

* Kartlegging av mikroplast i norsk drikkevatn.

* Tiltak for å redusere spreiing av gummigranulat frå kunstgrasbaner. I 2018 kjem det krav til utforming og drift av banene.

* Tiltak mot utslepp av biofilmberarar (plastbitar som blir brukt til kloakkreinsing) frå avløpsreinseanlegg.

* Verkemiddel for auka vegvasking og reinseløysingar for mikroplast i overvatn frå vegar skal bli greidd ut.

* Forslag om å innføre produsentansvarsordning for fiskeri- og oppdrettsnæringa.

* Forskriftskrav om forureining frå småbåthamner blir vurdert.

* Forslag om system for vederlagsfri innlevering av marint avfall i hamn.

(Kjelde: Klima og miljødepartementet)