Kvar fjerde torsk i sjøen ved Bergen har plast i magen.

NPK-NTB-Nina Haabeth
NPK-NTB-Nina Haabeth

For første gong har forskarar funne plast i magen på norsk torsk. Heile 27 prosent av torsken i hamnebassenget i Bergen har slukt plast, viser ein fersk studie.

– Torsk var i 2015 den viktigaste økonomiske fiskeart i Noreg, og spelar dessutan ein sentral rolle i økosystemet i Barentshavet og langs norskekysten, seier forskar David Eidsvoll i Norsk institutt for vassforsking (Niva) til NTB.

Han meiner funna bør vere urovekkjande. Torsken er dessutan sett opp på Verdas naturvernunions raudliste over trua fiskeslag, og er altså frå før utsett. Kva effekt plast har på torsken, vart ikkje sett på i denne undersøkinga.

LES OGSÅ: Mikroplasten truar livet i havet

Giftig?
– Men dette bør ein følgje opp med andre studiar. Spørsmålet er om gift frå plast kan overførast til fisken og deretter til menneske, seier Eidsvoll.

Han peikar på at funna i Noreg samsvarer med studiar i andre delar av verda, der plastforureining er eit mykje større problem enn her. Forskarane tok prøvar i Oslo, Bergen, Sørfjorden, Karihavet, Lofoten og Varangerfjorden.

– Studien viser at 3 prosent av torsken langs norskekysten har plast i magen. Det er relativt lågt, men heng truleg saman med folketettleik og omfanget av plastforureining. Jo lenger nord ein kjem, desto mindre plast blir det. Men sjølv om prosenten her er lågare enn for eksempel utanfor England og Frankrike, har vi fått bekrefta at også vi har eit problem med plast i fisk, seier han.

Kvifor Bergen har ein så mykje høgare del plast i torskemagar enn resten av kysten, veit forskarane ikkje.

– Her må vi berre spekulere på om det er høgare lokalforureining, eller om det er havstraumar som fører meir plast til området, seier han.

LES OGSÅ: Slik skal 20-åringen reinska verdshava

Ni plasttypar
Forskarane fann heile ni forskjellige plasttypar i torsken, og alt frå mikroplast (plastbitar under 5 mm), mesoplast (15-20 mm) til makroplast (over 20 mm).

– Vi fann at den plasten vi brukar mest av i dagleglivet, nemleg PE, PP, PVC og polyester, også er det som forureinar dei marine miljøa, opplyser Eidsvoll.

Thorbjørn Egners vise om lofottorsken bør kanskje skrivast om til «Da jeg var lite torskebarn, jeg passet meg for krok og plast». (©NPK)

LES OGSÅ: 2050: Meir plast i havet enn fisk

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.11

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE