Rask nedgang i spedbarnsdødstal da Noreg fekk fleire jordmødrer

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Førte til rask nedgang i spedbarnsdødstal

Året er 1887. Noreg er på denne tida eit fattig land. Olja ligg framleis under bakken og velferdsordningar er det enno lite av. Dødstala for spedbarn og fødande er høge og ligg på same nivå som for mange av dagens utvikingsland. Men i løpet av dei neste 34 åra skjer det ei enorm utvikling: talet på kvinner som døyr i barsel vert halvert og dødsprosenten for spedbarn vert redusert med 40 %. Kva var det som skjedde?

Jo Thori Lind er professor ved Økonomisk institutt og forskar på den nordiske velferdsmodellen. Foto: Eline Kvamme Hagen.

Jo Thori Lind, professor ved Økonomisk institutt, har forsøkt å finne årsaken til den dramatiske nedgangen i dødstalet i ein studie han nettopp har fullført saman med eit forskingsteam av økonomar og historikarar. Dei har undersøkt om innføringa av fleire legar og jordmødrer i Noreg i perioden 1887-1921 er ein av årsakene til at stadig færre fødande og småbarn døydde desse åra.

Jordmødrene grunnen til at fleire overlevde

– Vi fann at jordmødrene hadde ein enorm effekt på dødsprosenten av kvinner i barsel og spedbarn medan legane hadde tilnærma ingen effekt. Resultata overraska oss med det same, men noko av grunnen til legane si minimale effekt er sjølvsagt at dei ikkje kunne brukast til så mykje som i dag. Dette var før vi hadde antibiotika og moderne medisin, så det var ikkje så mykje dei kunne gjere, forklarar Lind.

Det som fantes av medisinsk utstyr på denne tida var ikkje jordmødrene sertifiserte til å bruke, i motsetnad til svenske jordmødrer. Men dei norske jordmødrene fekk mellom anna opplæring i korleis dei kunne snu på foster under kompliserte fødslar. Opplæringa av jordmødrene starta tidleg på 1800-talet med etablering av den fyrste jordmorskulen, «Fødselsstiftelsen», i Oslo i 1818. Det var slik kunnskap, saman med bruken av antiseptisk middel frå midten av 1880-talet mellom anna, som førte til den store forbetringa av helsa til norske mødrer og spedbarn. Særleg på bygdene overlevde stadig fleire kvinner fødslar grunna jordmødrene sitt nærvære.

– Dødstala for spedbarn hadde fram til no vore så høge at det å miste eit barn var ein del av røyndomen, men det å miste mødrene var endå meir dramatisk. I tillegg til at mødrene var svært viktige for å halde familien saman og ta seg av alt i heimen i det som var eit kjønnsdelt samfunn, var dei òg viktig arbeidskraft. Når kvinner døydde i barsel førte det difor til tapte arbeidsinntekter og ringare kår for familien, seier Lind.

Ifølgje historiske kjelder vart offentleg helse ei stadig større prioritering for dei norske myndigheitene på 1800-talet fordi dei ønska å få større kontroll over alle delane av landet. Dette innebar òg å skaffe seg betre tilsyn med innbyggjarane sin helsetilstand og utbrot av epidemiar. I tillegg råda det på denne tida ei såkalla merkantilistisk tenking der ei stor og sunn befolkning vart sett på som ein føresetnad for ein sterk stat. Det var i denne konteksten at fleire legar og jordmødrer kom til.

– Auken i helsepersonell botna ikkje nødvendigvis i at dei som styrte landet på denne tida var spesielt opptekne av borgarane si helse, men meir i eit ønskje om å ha mange undersåttar. Det var såleis ein «rå makt-tankegang» som låg bak denne nasjonale prioriteringa, seier Lind.

Innføringa av fleire jordmødrer i Noreg reduserte dødstala for spedbarn og fødande drastisk. Foto: Aditya Romansa/Unsplash

Helsevesenet ei tidleg utbygging av velferdsstaten

Kva var det så som fekk økonomen til å gå laus på eit historisk studie av innføring av jordmødrer for nesten 140 år sidan?

Ein stor del av motivasjonen for Jo Thori Lind var å få meir kunnskap om korleis velferdsstaten vår har vakse fram og om desse erfaringane kan brukast av dagens utviklingsland. Dette er også hovudmåla til forskingsprosjektet «Nordic Welfare Developments»  som Lind leiar saman med Kalle Moene.

– I studien ville vi sjå på korleis ein velferdsstat byggjer seg opp på eit tidleg stadium. Etableringa av den norske helsetenesta som tok til seint på 1800-talet var ein av dei tidlegaste utbyggingane av velferdsstaten slik vi kjenner den i dag. Noreg i den perioden vi ser på er på nivå med mange av dei fattigare landa i verda i dag. Mykje har sjølvsagt endra seg sidan den gong, spesielt med tanke på teknologiske nyvinningar, men det demografiske biletet er ikkje så veldig ulikt, meiner Lind.

Dette gir forskarane grunn til å tru at funna frå studien også vil vere relevante for dagens fattige land. Jo Thori Lind meiner at denne overføringsverdien gjer studien policy-relevant og skil seg frå reint historiske studiar av korleis Noreg såg ut for over hundre år sidan. Han trur likevel at legar spelar ei større rolle for å redusere dødsprosenten i dagens utviklingsland enn det som var tilfellet i Noreg.

– Ser vi til dømes på afrikanske utviklingsland i dag vil nok ein auke i talet på legar kunne føre til ein nedgang i dødsprosenten for spedbarn og fødande, men mykje tyder på at jordmødrer har veldig stor effekt også i desse landa, seier Jo Thori Lind.

Nordisk velferdsmodell i dagens utviklingsland ei utfordring

Sjølv om slike studiar av velferdstenester i Noreg kan ha overføringsverdi til dagens utviklingsland fins det likevel ei rekkje utfordringar ved å skulle innføre ein nordisk velferdsmodell i desse regionane.

– Det som fyrst og fremst kan vere ei utfordring er at dei nordiske landa på den tida velferdsstaten vaks fram var ganske homogene. Det var små inntektsforskjellar, det fantes ingen adel eller liknande, alle snakka same språk og det var få etniske motsetnadar. Dei geografiske grensene hadde vore der i fleire hundre år i motsetnad til dei linjalstrekane du finner på Afrika-kartet. Dei nordiske landa i 1900 hadde nok ei sterkare nasjonalkjensle med etnisk eller regional tilhøyrsle enn det som er tilfelle i mange av dagens utviklingsland der det gjerne trengs ei form for nasjonsbygging for å kunne etablere ein velferdsstat, seier Lind.

Mange er av den oppfatninga at dagens utviklingsland ikkje har råd til velferdsordningar. I følgje Jo Thori Lind stemmer ikkje dette og han viser til at dette heller ikkje var tilfelle i Noreg.

– Noreg var som nemnt eit fattig land på linje med mange av dagens afrikanske utviklingsland på tidspunktet då vi byrja å innføre fleire jordmødrer og legar. Dette var lenge før vi fann oljen og før vi vart eit velståande samfunn, påpeiker han.

Hittil lite samarbeid mellom økonomar og historikarar i Noreg

Hovuddelen av kjeldene som forskarane brukte i studien var medisinske rapportar som distriktslegane årleg sendte inn til amtmannen. Innhaldet i desse rapportane har dei omarbeida til tal-format for å kunne gjennomføre statistiske analyser.

– Dette har innebore ein god del arbeid og er også noko av verdien til studien. No når vi har fått omarbeida dataa, med hjelp frå prosjektet sine forskingsassistentar, kan dei brukast til å finne svar på ei rekkje andre problemstillingar også, seier Jo Thori Lind.

For å få tilgang til og nytte seg av dei historiske dataa samarbeida Jo Thori Lind og dei andre økonomane med Einar Lie og Jan Eivind Myhre ved Institutt for arkeologi, konservering og historie. I motsetnad til nabolandet Sverige der økonomisk historie er blitt meir etablert som eit eige fag, er det få som arbeider på denne måten i det norske forskingsmiljøet.

– Det fins ein del historikarar som forskar på økonomi og nokre økonomar som er involvert i historiske studiar. Men den siste gruppa er veldig lita og historikarane som har studert økonomi har i stor grad gjort det med «historikar-briller», forklarar Lind.

Samarbeid på tvers av fag er ei prioritering for Universitet i Oslo si Norden-satsing der NoWeDe-forskingsgruppa høyrer til. Jo Tori Lind meiner sjølv at resultata frå studien om helsepersonell i Noreg kan bidra til å finne svar på dei overordna spørsmåla som dei jobbar med i prosjektet.

– Studien er eit fyrste-svar på nokre av dei tinga vi lurer på om velferdsstatar si utvikling på eit tidleg stadium. Vi får her stadfesta at desse fyrste investeringane i velferdssaten faktisk verka, seier Lind.


Denne saka er skrive av kommunikasjonsavdelinga til Universitetet i Oslo, og er basert på forskingsartikkelen «Call the Midwife. Health Personell and Mortality in Norway 1887-1921» [PDF] av Andreas Kotsadam (Frisch-senteret), Jo Thori Lind  (Økonomisk institutt) og Jørgen Modalsli (SSB).