Liberalisme på godt og vondt


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er interessante spørsmål å diskutera i det som på mange måtar er ei politisk brytningstid. Difor var eg spent på Ingen mennesker er født frie – Kritikk av liberalismen, ei artikkelsamling redigert av Oscar Dybedahl, Sigurd Hverven, Ola Innset og Mímir Kristjánsson. Beklagelegvis fann eg analysane i boka lite tilfredsstillande og kritikken lite treffsikker, noko eg skreiv om i ei bokmelding tidlegare denne månaden. No har redaktørane svart på min kritikk, og noko av det dei skriv fortener eit svar tilbake.

I meldinga etterlyste eg belegg for at liberalismen har gjort «millioner på millioner av mennesker mindre frie» i løpet av dei siste fire tiåra. Det supplerer redaktørane – dei likte ikkje at eg kalla dei «firarbanden», så la meg heller omtala dei som kvartetten – i form av rapportar om aukande økonomisk utryggleik og mellombels arbeid.

Eg vil understreka at eg ikkje har meint å nekta for at dette er reelle problem som òg liberale politikarar og debattantar må ta alvorleg. Dét er det.

Poenget mitt var å peika på det redaktørane utelet i røyndomsskildringa dei legg til grunn for kritikken sin. Skal ein døma liberalismen ut frå utviklinga i verda dei siste fire tiåra, slik kvartetten innleiingsvis legg opp til, må ein ta med i reknestykket alle som er blitt meir frie på grunn av velstandsauke, teknologisk utvikling og utbygging av demokratiske og rettsstatlege institusjonar verda over. I bokmeldinga viste eg til litt av statistikken som underbyggjer dette. I svaret sitt er kvartetten framleis taus om korleis dette passar saman med deira analyse av liberalismen sitt hegemoni i verda dei siste fire tiåra, og det understrekar kanskje min hovudkritikk: at boka ikkje eigentleg er skriven for å overtyda nokon som i utgangspunktet sympatiserer med liberalismen.

Mot ein kategorisk påstand om at liberalistar på 1800- og 1900-talet såg demokratiet som ein trugsel mot eit liberalt samfunn, viste eg til døme på det motsette. Kvartetten hevdar no at påstanden deira ikkje var kategorisk, men historisk (som om det var nokon motsetnad), og at han er ukontroversiell. Det er feil, noko mine døme (og mange fleire) viser. Poenget mitt var ikkje at den spanske Cadiz-grunnlova av 1812 og Mills forsvar for demokrati og røysterett for kvinner og arbeidarar representerer eksemplarisk demokratitenking etter 2017-standard, men at heilt sentrale liberalistar har arbeidd for meir og ikkje mindre demokrati – noko ein ikkje skulle tru om ein berre las Ingen mennesker er født frie.

Kvartetten avfeiar òg mine merknader til Mímir Kristjánssons kapittel om «effektiv altruisme» ved å skriva at eg «krev at kritikken av effektive altruistar må kunne ramma alle liberalistar om han skal vera gyldig». Noko slikt krav har eg ikkje stilt – tvert imot hevda nettopp at eg mange liberalistar ville vera samde i at kritikken var gyldig. Men difor påpeikte eg òg at kritikken ikkje ramma liberalismen per se. Eg vil òg avvisa at effektiv altruisme er «ein variant av liberalismen», slik kvartetten no hevdar: like mykje som ein kan vera liberalist utan å vera effektiv altruist, kan ein òg vera effektiv altruist utan å vera liberalist. Min hovudkritikk mot kapitlet, at Kristjánsson blandar saman etikk og politikk når han skuldar rørsla for å vera totalitær, står urørt.

Til slutt noko om den kritiske metoden. Kvartetten meiner eg ikkje gjer jobben min som kritikar, fordi eg lener meg for tungt på forordet dei har skrive og dermed ikkje gir eit sannferdig bilete av innhaldet i boka. Eg kan ta sjølvkritikk for at eg ikkje gjorde det klart nok at dei ulike bidraga i boka kjem frå folk med ulik bakgrunn og av ulik overtyding. Men det var òg difor eg valde å lesa boka i lyset av forordet. I staden for å sjå kvart kapittel som ein isolert tekst, la eg vekt på at dei var samla og redigerte i ein antologi med eit bestemt føremål, og brukte forordet som ei kjelde til å forstå dette føremålet.

Denne lesemåten kunne sjølvsagt ikkje ha late seg forsvara om resten av boka gav eit heilt anna inntrykk, eller retta opp det eg såg som svakheiter ved forordet. Det oppfatta eg diverre ikkje at resten av boka gjorde – sjølv om fleire kapittel er meir nyanserte enn forordet, og til dels meir nyanserte enn eg gav inntrykk av i min kritikk.