Sintef vil testa hyperloop for laks
Fem år etter at Elon Musk lanserte ideen om hyperloop, vil Sintef bruka det til å frakta laks.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tanken bak Hyperloop er at både menneske og varer kan transporterens raskt i røyr under vakuum. Utan luft blir det heller ingen luftmotstand for kapslane som blir brukte til transporten.
– Vi er tidleg i dette arbeidet, men har allereie oppdaga at utviklinga av hyperrask transport gjennom røyr går raskare enn vi var klar over. 2018 kan bli eit svært spennande år for Hyperloop, seier Terje Kristensen, forskar i Sintef teknologi og samfunn til Adresseavisen.
Stiftinga trur den største moglegheita i Noreg er innan varetransport og ser for seg å forske på moglegheita for lynrask laksetransport.
- Les meir om hyperloop: Framtidas framkomstmiddel?
– Vi ønsker å byggje eit forskingslaboratorium, ei teststrekning som vil koste anslagsvis 200 millionar kroner, seier forretningsutviklar Thor Myklebust i Sintef digital. Med ein fart på opptil 1.200 kilometer i timen, kan fersk norsk laks i teorien sendast frå Trøndelag til Paris – 1.400 kilometer unna i rett linje – på ein dryg time.
Frå før er det kjent at forskingsstiftinga meiner Noreg har verdifull kompetanse etter bygging av undersjøiske oljeleidningar, kompetanse som kan overførast til Hyperloop.
– Vi har drive med røyrtransport i 60 år. Norske fagmiljø og kunnskap er dermed svært relevante for etablering og drift av Hyperloop, sa Kristensen til Dagbladet nyleg.
-
Les òg: Hyperloop sette fartsrekord