Tesla-hurtigtoget Hyperloop sette fartsrekord

Framtida
Publisert
Oppdatert 18.12.2017 10:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Hyperloop One, eitt av selskapa som prøver å sette Hyperloop-konseptet ut i live, offentleggjorde denne veka resultata frå ei prøvekøyring av sitt friksjonsfrie hurtigtog Hyperloop One som blei gjennomført 12. mai, skriv Dagens Næringsliv.

Teststrekninga i Nevadaørkenen er på berre 500 meter, men Hyperloop One kom raskt opp i 310 kilometer i timen på strekninga, skriv selskapet i ei pressemelding. Heile reisa tok berre dryge fem sekund.

Dette er ein klar fartsrekord for Hyperloop-teknologien, men teoretisk reknar ein med at konseptet kan gi hastigheiter opp til 1300 kilometer i timen.

Hyperloop som konsept blei lansert av Elon Musk i 2012 og er utvikla i samarbeid mellom Tesla og SpaceX, Musks romfartsselskap. Den grunnleggjande teorien bak Hyperloop er at passasjer- eller godsvogner blir transportert gjennom ein serie av røyr der lufttrykket er senka svært mykje for å gi tilnærma null luftmotstand. Vognene rører ikkje røyret takka vere eit bere- og framdriftssystem som bruker luftlager og magnetisk induksjon.

Fordelen med konseptet er at ein kan transportere passasjerar og gods over lange avstandar i høg hastigheit på ein sikker og lite energikrevjande, miljøvennleg måte.

(©NPK)