Nettnøytraliteten står på spel

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

USA opphevar nettnøytralitetslova

– Å drepa nettnøytraliteten i USA vil påverke internettbrukarane i heile verda. Så mange av dei beste ideane vil gå tapt, knust av dei største selskapa til tap for den globale internettbrukande offentlegheiten, sa kampanjeleiar for internettaktivistane i «Fight for the Future», Evan Greer.

– Dette er ikkje slutten for nettnøytraliteten, skreiv visepresidenten i Comcast på bloggen sin. Comcast er ein av dei aller største internettleverandørane i USA.

– Sjølv med gjentekne vridningar av sanninga og einsretta informasjonskampanjar, vil ikkje internett-tenestene endrast. Kundar av Comcast vil halde fram med å ha alle fordelane av eit ope internett dei har i dag, i morgon og i framtida.

Kva er nettnøytralitet?

Nettnøytralitet er ein sekkepost for fleire omgrep som har med internett som ein open og ikkje-diskriminerande plattform å gjere. Som regel handlar nettnøytralitet om lovgjeving som prøvar å stoppe nettleverandørar og andre til å hindre vanlege folk i å sjå på lovleg innhald på nettet.

Senatet i USA har gjort det klart at såkalla «struping» av tilgangen til internett for einskilde brukarar ikkje er akseptabelt. Dei vil heller straffe selskap som driv med dette, i staden for å hindre dei i å gjere det i utgangspunktet, no som dei oppheva lova som trygga dette.

Det er mange argument for å gjere det på denne måten. Nokre konservative amerikanske grupper meiner at ei slik lov gjer innovasjon på nett langt vanskelegare og dyrare. Dei peikar òg på at det faktisk vil gjere det vanskelegare for selskapa å stoppe spamming av ufrivillig reklame over nett med eit strengt lovverksregime som nettnøytralitetslova legg opp til.

– Vi er einige i at ikkje noko selskap skal ha lov til å blokkere innhald, eller strupe nedlastingsfarten til noko innhald på ein diskriminerande måte, sa visepresident for mektige AT&T ein av dei aller største nettleverandørane i USA, Bob Quinn.

Andre er heilt ueinige. Google, Facebook og Netflix er sterkt imot oppheving av nettnøytralitetslova.

Komikaren John Oliver gjorde meiningane sine klare i eit lengre innslag i programmet sitt:

Ryggraden blir ikkje påverka

Det moderne internett er delt opp etter korleis nettselskapa skaffar seg trafikk. Det er hovudsakleg to måtar:

  • Internettryggraden: Dei store globale nettverka samlar inn frå, og delar ut trafikk til, heile nettet. Når til dømes dei ulike straumetenestane får til ordningar som gjer at dei kan straume innhaldet sitt effektivt overalt, er dette på ryggraden av nettet og ikkje på «den siste kilometeren». Denne ordninga har alltid eksistert og involverer alltid ei overføring av pengar frå eit nettverk til eit anna. Det blir likevel ikkje ei krenking av nettnøytralitet, ettersom det aldri direkte påverkar den siste kilometeren.
  • «Den siste kilometeren» (Last mile): Sambandet som leverer internettet den siste kilometeren ut til kundane. Det er dette vi betalar den lokale nettleverandøren vår for, og det dei fleste oppfattar som internett.

Nettnøytralitet fungerer, per definisjon, berre på den siste kilometeren, og lovgjeving på dette feltet har difor lite påverknad på heilskapen.

Det har tidlegare vore foreslege å la lokale styresmakter drive nettilbodet for innbyggjarane i regionen sin, og dette kan vere langt meir effektivt enn å lage lover for private selskap som berre er opptekne av profitt.

Internett i EU

EU laga ei lov i 2015 der nettnøytralitet blir gjeve grunnleggjande vern. Situasjonen i EU, og dermed i Noreg, vil ikkje bli endra særleg, om noko i det heile, av det som hender i USA og andre stadar.

Det er allereie lov med såkalla «zero rating» i EU. Dette inneber at internettleverandøren kan tilby tenester, til dømes ei eiga kommunikasjonsteneste eller delingsteneste, som kunden ikkje treng å betale for i det heile ettersom det kjem i tillegg til datakvoten han betalar for.