«Valgomat» var toppsøket til nordmenn på Google i år

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

'Valgomat' og 'spinner' blant årets toppsøk

Kvart år lagar Google lister over dei mest populære søka. Desse søka fortel ein god del om kva folk flest er opptekne av i året som gjekk.

Når det er stortingsval pregar det alltid listene over mest populære søk. Toppsøket i 2017, det vil seia det som auka mest, var «valgomat», heiter det i pressemeldinga frå Google.

Selskapet fortel vidare at det blei skrive mykje om sperregrensa, og kva parti som kunne falla under eller krype over, og «hva er sperrefrist» er det nest mest populære «hva er…»-søket i 2017. På andreplass over «hvordan»-søka kjem «hvordan stemme».

Arbeidarpartiet «større» enn Høgre

Jonas Gahr Støre er den einaste politikaren på 5-på topplista over norske kvinner og menn. Arbeidarpartiet kjem også rett før Høgre på hovudlista til Google.

Samtidig som Bitcoin-kursen har skote i vêret har interessene til nordmenn for kryptovalutaen auka, og i 2017 har Google både sett ein stor auke i søka på «hva er bitcoin» og «hvordan kjøpe bitcoin». I relaterte valuta-nyheiter kjem «nye sedler» inn på plass nummer sju over nyheiter nordmenn var opptekne av i 2017.

På feltet nyheiter tronar derimot orkanen Irma.

«Skam» i Danmark

I Danmark var folk mest opptekne av å søkja på ordet død. Ubåtsaka, døde kunstnarar og den vonde klovnen i filmen «It» trona på toppen over Google søket til danskane.

Den norske tv-serien «Skam» ligg på ein solid andreplass etter søket «It» både når det gjaldt generelle søk og på søk om kultur og underhaldning.

Også i Danmark blei det søkt flittig på leiketøyet spinner, som hamna på søkjeplass tre.

Isak og Even

Isak og Even frå Sesong 3 av NRK-serien Skam. FOTO: SKAM / NRK P3