Google til kamp mot «fake news»
Endringar i søkjemotoren skal luke ut falske nyheiter og støytande innhald.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Google vil gjere endringar i algoritmen som blir brukt til å levere søkjeresultat. I tillegg skal brukarane få fleire moglegheiter til å rapportere om upassande innhald. Dette gjeld blant anna for autofullfør-funksjonen, der Google foreslår søkjeord medan ein skriv.
–Våre algoritmar hjelper oss med å identifisere truverdige kjelder blant hundrevis av milliardar nettsider i vår database. Likevel er det blitt veldig tydeleg at ein liten del av vår daglege søkjetrafikk (rundt 0.25 prosent) har gitt søkjeresultat med støytande eller tydeleg villeiande innhald, som ikkje er det folk leitar etter, skriv visedirektør for ingeniørtenester i Google Ben Bomes i eit blogginnlegg.
Han seier at selskapet vil sette ein stoppar for «nye metodar som folk bruker til å lure systemet».
LES OGSÅ: Slik unngår du Trump-tilstandar i feeden din
Les også debattinnlegget: Framtida til nyhende: «Plukk og miks?»