Lei av Google? Prøv DuckDuckGo!

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

DuckDuckGo vart offisielt lansert i september 2008 av Gabriel Weinberg etter at han selde det sosiale nettverket sitt “NamesDatabase” til United Online for $ 10 millionar.

Det tok tid å få merksemd om prosjektet, og i 2010 var det framleis så lite som rundt 33 000 søk per dag. Det var Edward Snowdens openberringar i 2013 som verkeleg endra ting. Ifølgje The Guardian auka DuckDuckGo enormt etter overvakingsavdekkjingane og fokuset på kor lett det var for styresmakter å få vite nær alt du gjer på nett via google, og i januar 2017 var talet på totale søk 10 milliardar og godt over 10 millionar søk kvar einaste dag.

Foto: Clive Darra/Flickr/CC-lisens.

 

Kvifor DuckDuckGo?

Veksta av søk via DuckDuckGo altså massiv, men kvifor bytte frå Google? Det er mange gode årsaker til dette:

  • Personvern. Dette er utan tvil den viktigaste årsaka til den veksande populariteten til DuckDuckGo, ikkje berre framfor Google, men òg andre søkemotorar. I motsetnad til Google og andre samlar DuckDuckGo ikkje inn, lagrar eller deler personleg informasjon.
  • Søkeresultat. Alle i heile verda får det same resultatet når dei skriv inn det same ordet i søkefeltet i DuckDuckGo.
  • Nyttige og unike funksjonar. Søkemotoren tilbyr ei rekkje svært nyttige funksjonar og tillegg,og dei fleste av desse finn du ikkje på Google og andre søkemotorer. Ei av dei mest nyttige er sannsynlegvis !Bang-funksjonen som gjer at du kan søkja direkte på nettstadar som til dømes Amazon og eBay. Dette gjer det enklare, raskare og meir praktisk å koma dit du vil.
  • Unngå sensur. No er det ikkje mange sider som Google utelet fullstendig frå søk, i alle fall ikkje her i Norge, men desse er sjølvsagt tilgjengelege på DuckDuckGo.

Er Google betre?

Enkelte hevdar at Google er betre nett fordi det lagar eit søk som er tilpassa deg personleg, basert på enorme mengder data dei har samla opp om deg, og difor har ein god sjanse til å gjette kva du søker etter, medan DuckDuckGo gjev deg fridom til å velje, og difor nokre gonger krev meir av deg for å finne enkelte ting.

DuckDuckGo er no nummer 381 på lista over mest brukte nettsider i verda, opp frå nummer 750 i fjor.

Les meir om DuckDuckGo som ein David til Googles Goliat her.