Både Sløtface, Sigrid og Daniel Kvammen er blant dei heldige mottakarane.

Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 13.05.2018 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til saman åtte artistar mottar eit stipend på 250.000 kroner kvar, skriv Stavanger Aftenblad. Det er stiftinga GramArts Fond som deler ut stipenda, landets største interesseorganisasjon for artistar.

Tor-Arne Vikingstad er gitarist og låtskrivar i det populære punkbandet Sløtface, og er ein av dei åtte heldige vinnarane. I ein SMS til Framtida skriv bandet:

— Vi er utruleg glade og stolte for den tiltrua GramArt viser oss ved å tildele oss dette stipendet. Det betyr at vi kan bli større og betre i løpet av 2018 på ein måte som ikkje ville vore mogleg utan.

— Kva vil de nytte pengane til?

— Pengane skal nyttast til å skrive og å spele inn vår neste plate, i tillegg til å turnere vidare både i inn- og utland. Stipendet betyr at vi kan satse endå tyngre på å turnere og å spele inn ny musikk utan å stadig uroe oss for økonomien. Det gir oss kunstnarisk fridom og opnar opp for at vi kan ta fleire sjansar.

Dei åtte første

Det var i alt 103 søknadar som kom inn, og styreleiar Christian Wadahl Uhlsen i GramArt fortel at det var ein krevjande prosess å skulle velje ut dei åtte sigrande artistane.

— Responsen og nivået medførte at vi i det første året av stipendet valde å dele ut heile åtte stipend, fleire enn vi først hadde tenkt. Derfor gratulerer vi i dag dei åtte norske artistane, som blir dei første til å motta Artiststipendet.

På svar på kvifor akkurat Sløtface får stipend, svarer Wadahl Uhlsen:

— Sløtface læt friskt både live og på plate. Dei har eit godt nettverk og masse på gong. Dei skreiv også ein svært god søknad som gav oss tru på prosjektet. Sløtface var ein klar og verdig mottakar.

Saka held fram under biletet

Daniel Kvammen har også fått musikkstipend. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Kunstnarisk utvikling

Framover vil stipendet bli delt ut årleg, med rundt tre til fire stipend kvart år. Dette stipendet vil gjere det mogleg for populærartistar å utvikle seg kunstnarisk og profesjonelt over lengre periodar.

Dette er dei åtte første som mottar stipendet:

  • Aslag Guttormsgaard (Black Debbath mv.)
  • Daniel Kvammen
  • Fredrik Saroea (Datarock)
  • Ingrid Helene Håvik (Highasakite)
  • Sigrid Solbakk Raabe (Sigrid)
  • Tor-Arne Vikingstad (Sløtface)
  • Erlend Ropstad
  • Merete Pascual (Billie Van)