NPK-NTB
NPK-NTB

For andre år på rad aukar musikksalet i verda, mykje takka vere strøymetenester.

CD-salet held fram å stupe, men likevel voks omsetnaden av musikk med 5,9 prosent på verdsbasis i 2016, ifølgje bransjeorganisasjonen IFPI.

Til saman blei det selt musikk for 134 milliardar kroner gjennom året, likevel er musikkbransjen uroa for sviktande inntekter frå Youtube.

Apple Music, Tidal og Deezer tar innpå Spotify 
Veksten er den største som er notert sidan organisasjonen starta å lage årlege oversikter over omsetnaden globalt i 1997 – eit tidspunkt då internett for alvor var i ferd med å sende bransjen inn i ein nedgang.

Framgangen følgjer opp ein vekst på 3,2 prosent i 2015, då bransjen noterte sin første solide oppgang etter nærmare 20 år med dalande musikkinntening.

Salet av strøymetenester auka med 60 prosent i 2016. Spotify er framleis den største aktøren i denne marknaden, men utfordrarar som Apple Music, Tidal og Deezer tar innpå.

Musikksalet aukar i nesten alle delar av verda, men veksten er spesielt sterk i veksande økonomiar takka vere lokale strøymetenester og billigare smarttelefonar. I Kina auka salet med 20 prosent, mens veksten i India og Mexico var på 26 prosent.

 Berre éin av dei 50 mest spelte songane på norsk radio er på norsk. Les meir om det her!

Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.29

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE