Samle > eige


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Hemulen i Mummidalen samla på blomar. Til slutt hadde han alle blomane som vaks i Mummidalen. Nådde målet. Vart nøgd. Eller ikkje. I staden gav han frå seg eit langt sukk. Han var ikkje lenger ein samlar, berre eigar. Det var ikkje like stas som han hadde tenkt. Hemulen byrja å samle på steinar i staden.

Hemulen var ein strevar. Eg trur kanskje eg, og fleire med meg, er det òg. Vi vil samle alle blomane. Eller alle steinane. Gjere noko i dag som vi kan takke oss sjølv for i morgon. Vi set oss mål og lagar prosjekt. Og når vi når målet? Vi gjer vel gjerne som Hemulen: legg prosjektet vekk og set oss nye mål, utan ein gong å snu oss tilbake. Å nå eitt mål er ikkje godt nok. Ein burde alltid nå så mange fleire.

For nokre år tilbake hekla eg eit pledd. Eit bestemorspledd med hekla lappar i forskjellige fargar. 500 lappar totalt. Det var eit langdrygt prosjekt. Men eg kom nærare og nærare eit ferdig produkt. Til slutt var det vel kanskje tanken på eit ferdig produkt som dreiv meg. Ikkje nødvendigvis fordi det ikkje var kjekt lengre, men fordi eg gløymde å fokusere på nettopp det. At det var kjekt. Ein fin hobby å susle med i sofaen om kvelden. Så vart eg ferdig, då. Jubla vel ikkje av den grunn. Kjende meg vel ikkje noko rikare heller, trur eg. Kanskje heller litt tom? Kva skal eg ta meg til no? Rydda opp, la garna tilbake, bretta teppet saman. Javel. Målet nådd. Prosjektet gløymt. Eg hadde ikkje lenger noko å hige etter.

Eg likar å hekle. Historia om pleddet mitt er eit bilete. Poenget er at det skal planleggjast, fiksast, finjusterast, bli riktig, sjå fint ut, vere representativt, ende i eit produkt, ikkje berre pleddet, men alt, heile kalenderen, i morgon ditt og i overimorgon datt og neste laurdag og dei sidene i boka må vere lest innan då og den maten må lagast og den sosiale kvelden skal bli fin og den ferien gler eg meg til, men kva med no? Kva med det eg les om akkurat no, kva med dei eg er rundt akkurat no, den turen eg går akkurat no, den kvardagen eg er midt oppi akkurat no, kva med den? Eg gjer iherdige forsøk på å ferdigstille. Sy saman alle lappane i teppet. Feste alle trådane. Og etterpå: då! Om litt: då! Neste gong: då! Neste sommar neste ferie neste jul neste år osv. Men kva med i dag? Kva med dei lappane eg allereie har hekla? Kva med dei lappane eg held på å feste trådane i? Skal alle lappane i det heile tatt heklast, passe inn i pleddet, følgje systemet, vere representative? Eller blir ein berre eigar då?