Norske femteklassingar les nest best i Norden
Poengscoren til norske elevar ligg no 22 poeng høgare enn i 2006.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Over halvparten av norske femteklassingar er på dei to høgste nivåa i leseferdigheit, viser den nye leseundersøkinga PIRLS. Berre Finland har betre resultat.
Tala kjem fram i PIRLS 2016 (Progress in International Reading Literacy Study), som blir gjennomført kvart femte år.
Undersøkinga kartlegg leseferdigheitene til elevar i tiårsalderen, altså i Noreg elevar på fjerde og femte trinn.
Poengscoren til norske elevar ligg no 22 poeng høgare enn i 2006. Jentene har hatt den største framgangen og har auka forspranget til gutane.
– Sidan 2011 har Noreg fått fleire elevar i toppsjiktet og færre elevar på dei lågaste meistringsnivåa. Dei gode resultata stadfestar inntrykket frå førre PISA-undersøking, der norske 15-åringar også gjorde det svært bra i lesing, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).
- Få med deg intervjuet med Mathilde Tybring-Gjedde (H): – Eg er kanskje den største tilhengaren av fråværsgrensa