– Å jobba frivillig er den beste måten å bli integrert på

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mangfald til fjells

– Eg er nøgd når eg får snakka med folk, og eg håpar eg kan komma attende til neste år, smilar Hadgu Haileab Gebreluul (28) frå Eritrea.

Han er éin av over 600 frivillige som arbeider for å arrangera Vinjerock for dei 3000 heldige som har sikra seg dei populære billettane til festivalen som denne helga feira tiårsjubileum.

LES OGSÅ: Sjekketriks i fjellheimen

Mangfald til fjells
Mangfaldssjef på Vinjerock, Marte Tangen, er til dagleg leiar for Frivilligsentralen i Vang, som er heimkommunen til musikkfestivalen ved Eidsbugarden i Jotunheimen.

I fjor var første året festivalen hadde med flyktningar som anten budde på asylmottaket eller nyleg var busett i kommunen, som frivillige.

I år er det nye samarbeidet mellom kommunen og festivalen formalisert med Tangen sitt verv. Under festivalen har Tangen ansvar for ei tredelt satsing på integrering, rekruttering og inkludering – at festivalen skal verta meir tilgjengeleg for folk med nedsett funksjonsevne.

Rekrutteringsarbeidet rettar seg mot lokal ungdom. For å sikra framtidas stab og ei framleis trygg forankring i Vang får seks ungdomsskuleelevar ein opplevingsdag på Vinjerock. Integreringsarbeidet går mellom anna ut på at fleire deltakarar på Ridderrennet i nabokommunen Øystre Slidre har fått billett til seg og ein følgjeperson eller ven.

LES OGSÅ: Festivalar skapar stoltheit


Vinjerock er ei spesiell oppleving for desse frivillige, som saman med mangfaldssjef Marte Tangen er med å skapa festivalstemning for 3000 deltakarar.

– Den beste måten å bli integrert på
Dei åtte flyktningane er plassert i dei ulike frivilliggruppene og jobbar som alt frå trivselsvakt til seljar eller kokk. Slik får dei ein skikkeleg introduksjon til norsk friluftsliv, kulturliv og arbeidsliv.

– På Frivilligsentralen har me erfart at det å jobba frivillig – side om side med andre nordmenn – er den beste måten å bli integrert på. Mange har berre lyst til å jobba og bidra, seier Tangen.

Ho trur at arbeidstreninga, den gode opplevinga og kontaktane dei nye frivillige skaffar seg, vil bere konkrete frukter på sikt. Ho peikar på at rundt 70 prosent av jobbane i Valdres ikkje vert lyst ut, ein tendens som òg går att i resten av landet. Kontaktar er med andre ord ubeskriveleg viktig når det kjem til å få seg jobb.

LES OGSÅ: «God integrering er å akseptere mangfald»

Humørspreiaren
­– Han er ein skikkeleg humørspreiar, som er flink å prata med folk, skryt Siri Sofie Tveiten, som er salssjef under Vinjerock.

I nokre dagar er ho sjefen til Hadgu Haileab Gebreluul, som allereie har fått ein fot innanfor arbeidslivet som vikar i eit bufellesskap. 28-åringen, som er i gang med introduksjonsprogrammet og har fått eigen leilegheit i Ryfoss, har fått eitt godt norsk ordforråd, men har ikkje vore borti akkurat dette ordet.

– Det betyr at du har godt humør og får andre til å bli i godt humør, forklarar Tangen.

– Eg likar å jobba frivillig, fordi eg likar å gjere gode ting. Det gjer meg proud, smilar Gebreluul, som har jobba som lærar i heimlandet.

Ein rockeglad kokk
– Det er veldig fint for meg å treffa folk og snakka med folk. Eg vil treffa folk og læra norsk. Og så er det fantastisk med rock, smilar Tarek Kafrouni.

33-åringen frå Syria har vore i Noreg i 9 månadar og bur på asylmottak i Vang medan han ventar på svar frå UDI. Takka vere frivillige krefter på førre asylmottak er han vorte svært flink i språket allereie.

Sidan han er flink å laga mat har han fått jobb på kjøkkenet under festivalen.

Vangsgjelding og vinjerockar
– Dette prosjektet handlar også om å gje dei flyktningane som bur i Vang ei større tilknyting til bygda og byggje identitet som vangsgjelding, der Vinjerock er hjartebarnet, forklarar Tangen.

Og den nye genseren, som han fekk etter at han meldte seg frivillig til å pakke festivalarmband, vitnar i alle fall om at Tarek Kafrouni allereie har vorte ein ekte vinjerockar.

LES OGSÅ: – Noregs finaste festival