No kjem nett-teateret

Ibsens "Gjengangere" i Riksteater-regi blir den første framsyninga på det nye nett-teateret Applaus Scenekunst.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den digitale løysinga for scenekunst er inspirert av det engelske Digital Theatre, og tanken er å produsere digitalt teater i samarbeid med Riksteatret, Det Norske Teatret og Vega Scene. Målet er først og fremst å nå barn og unge i skulen, i første omgang elevar i vidaregåande skule.

– Filosofien bak prosjektet er å gi ei digital flate for scenekunst som verkar utjamnande både geografisk og økonomisk, og som kan gi fleire høve til å oppleve teaterframsyningar på høgt nivå, seier styreleiar Monica Boracco i Applaus.

Utvikla med gåvepengar

Det er Boracco som saman med Bente Erichsen og Franzisca Aarflot har tatt initiativet til det nye nett-teateret, som er utvikla med gåvepengar frå Sparebankstiftelsen.

Til den første framsyninga, “Gjengangere”, er det òg laga bakgrunnsmateriale som kan nyttast i skulesamanheng, mellom anna karakter- og handlingsanalysar og bakgrunnsstoff om kva teater er, og korleis ei framsyning blir til.

– For oss på Riksteatret kjem etableringa av Applaus på heilt rett tidspunkt, seier teatersjef Tom Remlov, som frå før har gjennomført fleire pilotprosjekt med digital overføring av teater.

– Breiare distribusjon

– Gjennom samarbeidet med Applaus vil vår eiga satsing vere sikra både fullverdig kvalitet og ein breiare distribusjon. Dessutan hadde vi med oppsetjinga vår av “Gjengangere” no ein særleg eigna produksjon å tilby, seier Remlov.

Applaus samarbeider òg med Nettkino.no, som no tilbyr ferske kinofilmar på nett. Det samarbeidet skal på sikt kunne gjere nett-teateret tilgjengeleg for alle.