– Noreg er i særklasse med Riksteatret

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 30.11.2017 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I april er det 400 år sidan Shakespeare døydde. Verka til dramatikaren har overlevd skiftande trendar, er populære i svært mange land, på fleire språk og i mange kulturar.

– Dei lærde stridast, men som dramatikar og regissør, utan samanlikning elles, så merkar eg tydeleg at Shakespeare var ein fyr som var oppriktig opptatt av å seie ting og gjennomføre ting. Ein slags fanatisk eldsjel. Den viljen til å kommunisere noko og vere oppriktig interessert i ein tematikk, gjer ting tidlaust, seier Strømgren til NTB.

Skodespelar Ine Marie Wilmann, som er med i ensemblet som spelar stykket, trur dei universelle tema i Shakespeare-verka gjer at dei lever vidare.

– Det er jo kjærleik og forviklingar og sterke viljar som møtest. Her møter ein mange forskjellige konstellasjonar av folk som prøver å elske kvarandre, eller ikkje vil elske kvarandre. Det er jo så allmenngyldig som ein får det, seier ho.

Strømgren seier det er interessant å diskutere kva slags verk som vil halde seg relevante.

– Eg trur ikkje eg vil overleve, seier han og ler.

LES OGSÅ: E-boksuksess for folkebiblioteka

– Ekstremt
Strømgren og skodespelartroppen «Fjerdeklasses produksjoner» skal i vinter og utover våren ta «En midtsommernatts drøm» på ein lang turné i Noreg.

– Dette er ekstremt. Noreg er i særklasse i verda, trur eg, med det nettverket Riksteatret har. Dette stykket skal ut til mellom 50 og 60 stadar i Noreg. Det er jo veldig spesielt å få moglegheit til det. Det er eit privilegium å få sett eit heilt land og møte så mykje folk. Norske skodespelarar er jo ikkje vande til å spele så mange framsyningar. Det er jo augneblinkskunst. Eit skodespel som går på vanen er aldri bra, så utfordringa er å halde det friskt og ved like, seier regissøren.

Han seier det å la skodespelarane improvisere litt her og der er viktig når det er snakk om så mange framsyningar over så lang tid.

– Litt frie tøylar må det vere. Skal ein berre spele eit par framsyningar på eit viktig teater kan ein vere diktator og gå inn og bestemme nøyaktig korleis det skal vere for å sikre resultatet, men i eit slikt prosjekt, når ein skal på lang turné, bør ein få meir fridom til å improvisere undervegs.

LES OGSÅ: Hundrevis vil bli statistar på Børning 2

– Kjem til dekka bord
Wilmann seier dette er første gong skodespelartroppen er knytt til ein «institusjon». Det gjer at dei får litt mindre å gjere undervegs enn det dei har vore vande til tidlegare.

– Vi vil at kvart enkelt prosjekt skal vere annleis enn det førre, så det er gøy å prøve dette. I det førre vi gjorde hadde vi ansvar for alt sjølve, og her er det mange som tar ansvar for at ting er på plass. Her kjem vi meir til dekka bord. Vi er på ein måte med i framsyninga til Jo Strømgren. I dei andre tinga vi har laga er det vi som har gjort alt. Ein del praktiske ting er veldig herleg å sleppe når ein har gjort mykje av det tidlegare, seier ho.

«En midtsommernatts drøm» har premiere i Nydalen 21. januar. Turneen startar i Haugesund 27. januar, og blir avslutta i Askim 26. april.