Kan minske klimaeffekten av transport

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klimakutt i transport mogleg

Pisk og gulrot verkar når utsleppa frå biltrafikk skal ned. Men utfordringane er framleis store, skriv Cicero – Senter for klimaforsking på sine nettsider.

Kraftige kutt i personbilar
Det er mogleg å kutte utsleppa frå personbilar med over 60 prosent innan 2050. Det syner ein ny rapport frå transport- og klimaforskingsprosjektet TEMPO.

LES OGSÅ: Ungdom meir uroa for klimaet

Nye personbilar i Noreg slepp ut stadig mindre klimagassar. Eingongsavgifta har medverka til å redusere CO2-utsleppa med nær 40 prosent sidan 2006. Avgifta belønnar kjøp av låg- og nullutsleppsbilar og straffar kjøp av bilar med høge CO2-utslepp. Likevel vil det ta 15-20 år før heile bilparkens utlsepp er redusert med 40 prosent.

Les meir om transport og klima på sidene til TEMPO-prosjektet.

Lasse Fridstrøm ved Transportøkonomisk institutt, som er prosjektleiar for TEMPO, seier kombinasjonen av eingangsavgift og elbilprivilegiar har vore svært effektiv.

– Dersom eingangsavgifta vert vidareført og skjerpa, kan vi kutte utsleppa frå personbilar med over 60 prosent innan 2050. Skal utsleppa lenger ned, må dei siste bilane utan korkje lademoglegheit eller brenselsceller vere solgt innan 2040, seier Fridstrøm på Cicero sine nettsider.

Les meir om korleis utslepp frå bilparken kan reduserast her.

Men sjølv med store kutt i utslepp frå personbilar er det framleis naudsynt å kutte i klimagassutsleppa frå andre delar av transportsektoren.

Mindre påverknad frå fly
Særleg er flytransporten ein versting. Ifølgje TEMPO-prosjektet flyr gjennomsnittsborgaren i Noreg berre fire gongar i laupet av eit år. Likevel er det desse reisene som påverkar klimaet mest.

Flytrafikk påverkar klimaet direkte, ved å endre konsentrasjonen av drivhusgassane CO2 og H2O. I fører flytrafikk til danning av fjærskyer og kondensstriper som har ei oppvarmande effekt. Klimaeffekten frå desse skyene kan vere like stor som for utslepp av CO2, men er ikkje regulert i avtalar.

Forskarane bak ein annan studie har studert 390 flyturar i kvar retning, for å finne ut kor stor klimaeffekten vil vere av å optimisere den transatlantiske flytrafikken, melder Cicero. Studien syner at endringar i flyruter kan minske klimaeffekten.

LES OGSÅ: Det store klimaspelet

Forskarane studerte ein spesifikk vinterdag, som var ein av fleire typiske vintervêr-situasjonar i Nord-Atlanteren. Dei fann at ein, avhengig av tidshorisonten, kan redusere klimaeffekten med opp til 60 prosent for vestgåande og 35 prosent for austgåande trafikk, ved å auke kostnadane til drivstoff og mannskap med 10-15 prosent.

Meir oppsiktsvekkande er det kanskje at langvarige klimaeffektar kan reduserast med 25 prosent, med berre små endringar i flyrutene og kostnadsauker på under 0,5 prosent.

Funna er berre gjeldande for den spesifikke vêrsituasjonen, men forskarane er allereie i gang med å planleggje ein studie som er meir representativ for ulike sommar- og vintersituasjonar.

LES OGSÅ: Unge er klima-optimistar