Ny statsminister klar på Island
Nær ein månad etter det islandske valet er det klart at Jakobsdottir blir statsminister.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Den islandske presidenten Guðni Jóhannesson har invitert leiaren av den Venstregrøne Alliansen, Katrín Jakobsdóttir, til å formelt skipa ei ny regjering. Ho vil leie ei fleirtalsregjering med høgrepartiet Sjølvstendepartiet og sentrumspartiet Framstegspartiet, og dei er einige om dei fleste av dei grunnleggjande punkta for å lage eit grunnlag for samarbeidet.
Jakobsdottir tok avgjerda om å droppe dei meir naturlege alliansepartia på venstresida, Piratpartiet og Sosialdemokratane, for å få til ei stabil regjering med klart fleirtal bak seg i det islandske Alltinget. Ei slik regjering vil ha støtte frå 42 av 59 representantar.
- LES OGSÅ: Island får fleire parti enn nokon gong
Denne avgjerda har vore svært kontroversiell, to av dei elleve representantane til Alliansen stemte mot avgjerda og dei andre partia har kome med klare åtvaringar.
Ungdomspartiet til den Venstregrøne Alliansen har i ei pressemelding gjort det klart at dei er totalt imot kvar og ein avtale med Sjølvstendepartiet. – Vi kan ikkje akseptere gjentekne usanningar, korrupsjon og bruk av familieband. Vi kan ikkje akseptere løyndomar ikring seksualforbrytarar.
Meir enn 20 har meldt seg ut av partiet i protest mot avgjerda.
Få detaljar om samtalane har kome ut, men Jakobsdottir vil altså bli statsminister.
Kjelder: Iceland Monitor, Wikipedia.