Noreg får sitt første elfly til sommaren

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Flyet – Alpha Electro G2 – er bestilt frå flyfabrikken Pipistrel i Slovenia og skal hovudsakleg brukast til demonstrasjon. Det har ei rekkevidde på om lag 130 kilometer og kan vere i lufta rundt éin time per lading. Ifølgje kontrakten skal flyet vere klart til levering i mai neste år.

Avinor har gått saman med Norges Luftsportforbund om å kjøpe flyet. Ifølgje Avinor er det grunn til å tru at dei første kommersielle rutene med elfly kan etablerast før 2030.

– Med elfly blir miljøkonsekvensane i luftfartsbransjen endra betydeleg. Det vil også kunne bli rimelegare å fly, fordi driftsutgiftene for fleire flymodellar er betydeleg lågare, noko som også vil merkast på billettprisane, seier konsernsjef Dag Falk-Petersen i Avinor.

Avinor jobbar for at Noreg skal ta ei leiande rolle i verda innan elfly, og har gått saman med partnarar i luftfartsbransjen om eit utviklings- og innovasjonsprosjekt for elfly. Målet er at Noreg skal bli det første marknaden der elektriske fly tar ein signifikant marknadsdel.

– Med innføringa av Noregs første elfly skal vi få demonstrert at dette ikkje er fjern framtidsvisjon, men ein realitet innan få år, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

Marius Holm i miljøstiftinga Zero meiner innkjøpet av det første elflyet er ein milepæl i transportsektoren.

– Ein barriere er broten for kva som kan elektrifiserast. Utviklinga heretter kan gå fort, det er trass alt ikkje meir enn ti år sidan Buddy var den beste elbilen vi hadde. Noreg må fortsette å gå framfor for å ta i bruk utsleppsfri teknologi og grøne løysingar, seier Holm.