Aukar avgiftene på brus og snop, og innfører lærarnorm.
NPK-NTB-Anne Marjatta Gøystdal og Mats Rønning
NPK-NTB-Anne Marjatta Gøystdal og Mats Rønning
Lærarnorm

KrF fekk dei andre borgarlege partia med på den nye lærarnorma:

  • Frå hausten 2018 vert det eit krav om maks 16 elevar per lærar i 1. til 4. klasse og 21 elevar i 5. til 10. klasse.
  • Frå hausten 2019 justerast talet til 15 elevar i 1. til 4. og 20 elevar i 5. til 10. klasse.
LES FAKTALUKK FAKTA

Etter å ha forhandla i litt over to veker, vart Høgre, Framstegspartiet, Venstre og KrF einige om statsbudsjettet for neste år onsdag ettermiddag.

– Vi er einige, kunne leiaren i finanskomiteen, Nikolai Astrup, tydeleg fornøgd erklære da budsjettpartnarane kom ut av statsrådssalen på Stortinget etter eit kort møte.

Fjernar maskinskatten

– Vi er fornøgde, særleg med å få fjerna skatten på maskinene. Vi er òg veldig glade for å ha fått gjennomslag for å gjere det vanskelegare for kommunane å innføre eigedomsskatt på hus og hytter, for vi ønskjer ikkje å skattleggje dette så sterkt som før, sa finanspolitisk talsperson i Frp, Helge André Njåstad.

Maskinskatten blir fjerna, men det er semje om fleire kompenserande tiltak for kommunane som blir ramma av skattekuttet. Regjeringa har rekna inntektstapet til 1,2 milliardar kroner for kommunane, og det er særleg kommunar med store industribedrifter, som blir ramma.

– Rausare

Finanspolitisk talsperson i Venstre Terje Breivik meiner vi får eit grønare, rausare og meir framtidsretta budsjett. Han trekkjer mellom anna fram fleire lade- og hydrogenstasjonar og styrkt satsing på tog- og kollektivtrafikk.

Venstre og KrF fekk òg gjennomslag for å auke talet på kvoteflyktningar. Høgre og Frp foreslo at Noreg skulle ta imot 1.120 flyktningar neste år, men i avtalen er partane einige om at talet skal setjast til 2.120

– Vi nesten doblar talet på kvoteflyktningar. Det gjer at Noreg tar eit større internasjonalt ansvar, seier Breivik.

Lærarnorm

Finanspolitisk talsperson i KrF Kjell Ingolf Ropstad er òg tydeleg fornøgd med avtalen. Han beklaga seg over at han ikkje hadde meir tid til rådvelde under pressekonferansen til å utbrodere om gjennomslaga partiet hadde fått.

Den kanskje viktigaste sigeren for KrF er kravet om å innføre ei maksgrense for talet på elevar per lærar i grunnskulen, ei såkalla lærarnorm.

– Frå hausten 2018 får kommunane eit krav om at det på skulenivå skal vere éin lærar per 16. elev i 1.–4. klasse, og éin lærar per 20. elev i 5.–10. klasse. Så blir det stramma enda meir til i 2019, slik at det blir 15. elevar per lærar i 1.–4. klasse, sa Ropstad.

Han trekte òg fram at det skal innførast ei meir fleksibel kontantstøtteordning, og at dei har fått «store gjennomslag» for det frivillige, folkehøgskulane og Kyrkja.

Tesla-avgifta blir vraka

Ei anna høgt prioritert sak for KrF har vore å endre på pleiepengeordninga, noko partiet skal ha fått gehør for, erfarer TV 2. Dermed får foreldre som pleier sjuke barn, likevel ikkje kutta inntekta til 66 prosent etter fem år.

Venstre har, ifølgje TV 2, fått gjennomslag for ei påplussing til vedlikehald på jernbanen på 400–500 millionar kroner og til å auke talet på IKT-studieplassar med 500.

Den mykje omtalte Tesla-avgifta blir òg vraka, etter det NTB erfarer. Avgifta skulle reknast ut etter vekta på bilen og hadde derfor ramma dei tyngste og mest kostbare elbilane. Både KrF og Venstre kritiserte framlegget til avgift da regjeringa la fram budsjettforslaget.

Det blir ikkje kutt i tilskota til frivillige organisasjonar, og Venstre har fått gjennomslag for å opprette to nye einingar i dyrepolitiet, fortel TV 2.

Godteriavgift

For å finansiere hjartesakene til partia, blir sparekravet for offentleg sektor auka, ifølgje NRK. I utgangspunktet foreslo regjeringa at effektiviseringskravet for staten skulle vere på 0,5 prosent, men kravet blir no skjerpa til 0,7 prosent.

Dei fire partia hentar òg pengar ved å gjere brus og godteri dyrare. I staden for å auke momsen, slik KrF opphavleg ønskte, vil partane auke avgiftene på sukker og kolsyre, ifølgje TV 2. (©NPK)

Sjå heile budsjettavtalen her!

Oppdatert: laurdag 25. november 2017 09.23

Kommentarar

ANNONSE