Slik kan du verna barn mot overgrep på nett

Framtida
Publisert
Oppdatert 18.11.2017 19:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Les saka i Porten

– Me meiner det er viktig at dei som jobbar med barn og unge får auka kunnskap om nettvett og kva dei kan gjere for at barn skal vera trygge på nett, seier Kaja Hegg, rådgjevar i Redd Barna.

Ho har jobba mykje med å hindra at barn blir utsett for seksuelle overgrep og krenkingar på nett. Onsdag var ho i Sogndal for å førelesa om temaet.

– På internett møter barn ei vaksenverd, som er lite regulert og ikkje barnevennleg, seier Hegg.

Vaksne får ofte ikkje med seg ekle ting barna opplever på nett

Hennar bodskap er at barn og unge skal få lov til å nytta dei moglegheitene som internett byr på, men at dei vaksne må gje opplæring og setta grensar for bruken, slik at det skjer på ein trygg måte.

– Det er eit problem for alle som veks i dag, at dei er på nettet utan å få nok opplæring og oppfølging. I det store og det heile er dei overlatne til seg sjølve, seier ho.

Ho minner om at barn er sårbare i møte med sterke inntrykk, som til dømes seksualisert innhald eller vald og misbruk av dyr. Dei kan bli redde og trenga hjelp til å bearbeida inntrykka, men ofte har ikkje dei vaksne fått med seg kva som har skjedd. Difor bør foreldre tidleg byrja å snakka om nettvett og engasjera seg i barns internettbruk, meiner Hegg.

– Eg tenkjer at det må inn i den daglege samtalen frå starten av, frå den dagen dei er på skjermen og det er jo ofte før dei kan snakka. Det nyttar ikkje å komma til ein tiåring og byrja å snakka om nettvett, seier ho.

NETTVETT: Å læra barn trygge vanar på internett blir stadig viktigare, meiner Kaja Hegg i Redd Barna.

Å læra barn trygge vanar på internett blir stadig viktigare, meiner Kaja Hegg i Redd Barna. (Foto: Halvor Farsund Storvik/Porten)

Ufarlege spel kan trekka til seg folk med onde hensikter

Ho fortel at spesielt foreldre som ikkje nyttar internett sjølve står i fare for å ikkje fanga opp ekle ting barna deira opplever på internett.

Til dømes kan eit tilsynelatande ufarleg spel vera ein arena for folk med skumle hensikter, ein plass dei oppsøker for å få kontakt med barn.

– Så det foreldra må finna ut, er om det er eit spel der barna kommuniserer med andre. Barna må læra å blokkera kontakten med dei som er ekle, ikkje svara dei, men seia frå til vaksne, seier Hegg.

Andre ting foreldre bør tenka gjennom er kva grenser dei skal setta for bruken av internett, om det kan vera fornuftig å aktiviera filter i nettlesaren, om barna skal få lov til å vera i sosiale medium og ellers berre vera ein god samtalepartnar.

– Etter kvart som dei blir store skulebarn, så høyrer ungane ikkje så mykje på oss vaksne og oppsøker gjerne stader på internett dei eigentleg ikkje får lov til. Då gjeld det at dei har lært seg nokre ryggmargsrefleksar, seier Hegg.