Fleire barn under 13 år ringjer for å snakke om sjølvmord

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Barn under 13 år ringjer om sjølvmord

– Sidan nyttår har Kors på halsen mottatt over 40 meldingar frå barn under 13 som vil snakke om sjølvmord, sjølvmordstankar eller sjølvskading. Dette viser at det ikkje berre er eit ungdomsproblem lenger, og vi må ta alle på alvor, enten dei er 11 eller 16 år, seier Nelli Kongshaug, leiar i Kors på Halsen – Røde Kors’ samtaletilbod for barn og unge.

Kongshaug seier dei frivillige i Kors på halsen merker at det har vore auka merksemd rundt sjølvmord i media den siste tida.

– I omtrent 10 prosent av alle samtalene snakkar dei unge om sjølvmord, sjølvmordstankar eller sjølvskading, seier Kongshaug.

Ho minner om at følelsen av einsemd lett kan forsterkast om sommaren når barna har fri frå skulen, mange venner drar på ferie, og det er pause i aktivitetane dei vanlegvis deltar på.

– Mange ungdommar føler at problema dei har er for små og ikkje verdt å bry andre med, og at foreldra blir skuffa viss dei fortel det, seier Kongshaug.