Senterungdommen vil ha eit løft for frivillige

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Forslaget frå regjeringa til statsbudsjett er eit einaste stort svik mot frivilligsektoren og vil ha store negative konsekvensar i spesielt barn og fritidstilbodet til unge. I staden for å kutta, kutta og kutta, burde heller frivilligsektoren no få auka overføringane og betre rammevilkår, seier Magnus Weggesrud, som er politisk nestleiar i Senterungdomen.

Han meiner det er meiningslaust at ein til dømes kuttar i overføringane til store barne- og ungdomsorganisasjonar som 4H og Noregs Bygdeungdomslag.

Senterungdommen vil mellom anna gje full momskompensasjon for frivillige organisasjonar. Ifølgje Frivillighet Norge tilsvarar dette 500 millionar kroner.

Får støtte frå fleire parti

Senterpartiet legg fram sitt alternative budsjett neste veke. Mange av opposisjonspartia har allereie kome med forslag om å reversera kutta i støtta til 4H og studieforbunda og auka støtta til frivilligheita.

Ap vil føreslår mellom anna å auka momskompensasjonen med 100 millionar. SV vil auka denne med 150 millionar kroner.

Nytt sentralstyre

200 senterungdommar deltok på landsmøtet i Tønsberg sist helg.

Ada Johanna Arnstad frå Nord-Trøndelag og Magnus Weggesrud frå Buskerud blei attvald som høvesvis leiar og politisk nestleiar.

Dei får med seg dette sentralstyret:

Organisatorisk nestleiar: Annette Lindahl Raakil frå Østfold

Internasjonal leder: Rikke Håkstad frå Troms

1. Styremedlem: Torleik Svelle frå Oppland

2. Styremedlem: Lise-Marie Sommerstad frå Vestfold

3. Styremedlem: Viel Jaren Heitmann frå Buskerud

4.Styremedlem: Bent-Joachim Bentzen frå Sør-Trøndelag

5. Styremedlem: Nadine Al-Mustafa frå Oslo

1. Vara: Henning Røyneberg frå Rogaland

2. Vara: Kari Jordal frå Oppland

3. Vara: Lars Myhr Sandlund frå Nord-Trøndelag

4. Vara: Sara Skulstad frå Nordland

5. Vara: Mattis Minge frå Østfold

 

 

Slik vil Senterungdomen betra rammevilkåra for frivillige organisasjonar:

– Auka potten til frivillige organisasjonar frå Landsbruksdepartement og auka potten til studieforbunda.

– Gje full momskompensasjon for frivillige organisasjonar, og dessutan utvida denne slik at alle organisasjonar blir inkludert i ordninga. Det må òg sikrast full rett til kompensasjon for alle utgifter i samband nybygg, vedlikehald og rehabilitering for organisasjonseide bygg og anlegg.

– Skattefrådragsordninga må vidareutviklast og forbetrast gjennom å innføra ei beløpsgrense for næringsdrivande på 100.000 kroner, og opna for at lokale lag og samskipnader kan delta i ordninga.

– Vurdera lovfesting av frivilligpolitikk i kommunane.

– Halda på og styrke den generelle driftsstøtta til organisasjonane framfor byråkratisk prosjektstøtte.