P-piller aukar risikoen for sjølvmord

Ei ny dansk undersøking viser at alle former for hormonell prevensjon, deriblant P-piller, aukar risikoen for sjølvmord og sjølvmordsforsøk.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Unge kvinner og spesielt tenåringsjenter er mest utsette, og studien viser at tendensen toppa seg 3–6 månader etter at kvinnene hadde begynt å ta ulike former for hormonell prevensjon, skriv den danske avisa Politiken.

Undersøkinga er offentleggjort i det anerkjente tidsskriftet The American Journal of Psychiatry.

Forskarane på Rigshospitalet har følgt 476.000 kvinner frå dei fylte 15 år i perioden 1996 til 2013. Litt over halvparten av kvinnene begynte å ta ein eller annan form for hormonell prevensjon i perioden.

I alt vart det registrert 6.999 sjølvmordsforsøk og 71 gjennomførte sjølvmord blant alle kvinnene som deltok. Kvinner som hadde begynt med hormonell prevensjon, var mykje høgare representert blant desse.

– Nokre kvinner er av uvisse årsaker spesielt følsame for naturlege hormonelle svingingar. Når dei så blir påført eksterne hormon i større mengder frå prevensjonsmedisinen, kan det forsterke dei kjenslemessige svingingane, som altså i verste fall kan føre til sjølvmord, seier seniorforfattaren for studien, professor Øjvind Lidegaard, ved Rigshospitalet i København, til Politiken.

Han understrekar samtidig at dei aller fleste kvinner toler p-piller og liknande preparat godt.

Ifølgje Anders Beich, leiar for Dansk Selskap for Almen Medicin, er det amerikanske undersøkingar som viser ein omvendt samanheng. Han understrekar også at legar er klar over at bruken av prevensjon med hormon for enkelte aukar risikoen for depresjon.