Elise Løvereide
Publisert
Oppdatert 17.11.2017 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Menneska har til alle tider forsøkt å unngå reproduksjon. Alt frå akasie-buskar til grisetarmar har blitt nytta som prevensjon, men det er først i etterkrigstida at prevensjon verkeleg fungerer. Det er berre å gå to-tre generasjonar tilbake i Noreg før søskenflokkane gjerne bestod av åtte til 12 ungar. I dag får norske kvinner 2,1 barn kvar, og stadig færre får tre eller fleire.

Det å kunne planleggje familie og barn er ein moderne del av menneskelivet, og prevensjon er meir tilgjengeleg i nokre delar av verda enn i andre. Gjennom prevensjon kan vi potensielt redusere overbefolking i verda, unngå gatebarn og fulle barneheimar og ikkje minst unngå død og sjukdom som konsekvens av svangerskap og fødsel.

Margaret Singer er ein av dei som har fått æra for moderne prevensjon. Sanger såg kvinner dø av illegale abortar då ho bestemte seg for å gjere noko. Ho kontakta arvingen Katharine McCormick og legen Gregory Pincus. Sanger samla sjølv inn store summar for å finansiere forskinga.

Prevensjon gjev par generelt, og kvinner spesielt, kontroll over eige liv. Prevensjon er essensielt for likestilling mellom kjønna ved at kvinner kan nyte sex utan å uroe seg for at uønska graviditet held dei tilbake frå det livet dei ønskjer å leve.

Heftige biverknadar

Men vegen er kort frå dagens praktiske p-pillebruk til 1960-talet, då pilla skulle bli testa. Fire personar var sentrale for utviklinga av p-pillene: Margaret Sanger (bildet), som arbeida for sex-opplysing og prevensjon; biolog Gregory Pincus; suffragette Katherine McCormick og gynekolog John Rock.

Allereie på 30-talet visste forskarane at hormon kunne hindre graviditet hjå dyr. Medan McCormick og Sanger betalte for forskinga setje Rock og Pincus i gong ei undersøking der testpersonane trudde dei var med på eit fertilitetstudium.

Testpersonane vart ikkje informerte om at pilla hindra graviditet og mange kvinner droppa ut på grunn av dei valdsamme biverknadane: oppblåse, humørsvingningar og potensielt dødeleg blodpropp.

Margaret Sanger gav ut Birth Control Review frå 1917 til 1929. Foto: Wikipedia

Testa på fattige

Sidan mange droppa ut og fordi prevensjon framleis var ulovleg i dei fleste amerikanske statar, drog Rock og Pincus til Puerto Rico. Tankar om rasehygiene og frykt for overbefolkning gjorde at abort og prevensjon var lovleg, og mange kvinner vart steriliserte utan samtykke i det som vart kalla La Operacion på 1950- og 60-talet.

Pincus og Rock bestemte seg for å nytte dei fattige og uutdanna kvinnene i Puerto Rico som testpersonar. Men desse kvinnene droppa også ut av studien på grunn av biverknadane frå pillene. Så forskarane bestemte seg for å finne kvinner som dei kunne tvinge pillene sine på.

Pasientar på eit mentalsjukehus i Massachusetts vart valde ut. I tillegg fekk kvinner på ein medisinstudium i San Juan valet mellom å delta i forsøket eller å bli utviste. Desse fekk heller ikkje informasjon om kva pilla gjorde, i staden måtte dei ta pillene og møte opp til audmjukande medisinske undersøkingar.

Ny strategi

Undervegs forsøkte forskarane seg på ein ny strategi. Det bestemte seg for å informere om at pilla hindra graviditet og gjekk frå dør til dør i San Juan for å rekruttere nye testpersonar. No melde hundrevis seg frivillig. Men heller ikkje desse vart informerte om at dei var deltakarar i eit medisinsk eksperiment.

Testresultatet viste at pillene var hundre prosent effektive i å forhindre graviditet, men samstundes leid 17 prosent av biverknadar som kvalme, ørske, hovudpine, magesmerter og oppkast. Tre kvinner døydde undervegs i studien og dei vert aldri obdusert for å finne ein mogleg samanheng med eksperimentet.

Konklusjonen var at pilla hadde for mange biverknadar til å kunne verte akseptert på marknaden. Men den første versjonen av pilla, Enovid, vart likevel gjeve ut av firmaet G.D. Searle & Co. Enovid innehaldt ti gongar så mykje hormonar som trengst for å avbryte eit svangerskap, og nesten kvar femte kvinne hadde blitt sjuk av pilla i eksperimentet.

Debatt om informasjon

På byrjinga av 1970-talet kom boka The Doctor´s Case Against the Pill, der forfattar Barbara Seaman tok for deg dei mange biverknadane av Enovid og korleis forskarane unnlat å informere pasientane sine om desse. Boka skapa ein debatt der legemiddelindustrien fekk kritikk for å ikkje vere open nok med kundane.

Same år blei saka tatt opp i ei høyring hjå det amerikanske senatet, men ingen kvinner vart inviterte til å delta. Det fekk lokale kvinnegrupper til å reagere, og talsperson Alice Wolfson kritiserte eksperimenteringa på kvinnene kraftig. Ho meinte at kvinner var i stand til å ta eigne val dersom dei vart informerte om kva legemidlane inneheldt.

Kritikken førte til at folk fekk rett til å vite om innhaldet og biverknadane av medisinske produkt, og saka førte også til eit krav om samtykke i alle medisinske eksperiment.

Først menn

Då Pincus og Rock først byrja på prosjektet sikta dei seg inn mot menn. Men det blei raskt konkludert med at biverknadane var for store – det inkluderte krympande testiklar. «Det vart trudd at kvinner ville tolerere biverknadane meir enn menn, som kravde betre livskvalitet,» seier Holly Grigg-Spall til magasinet Boardy.

Grigg-Spall har skrive boka Sweetening the Pill om korleis samfunnet er hekta på hormonell prevensjon, samstundes med at p-pillene framleis har store biverknadar.

I pakningsvedlegget til p-pillene kan du lesa kva biverknader som er registrert på dei.

Framleis biverknadar

P-piller kjem den dag i dag med store vedlegg om moglege biverknadar. Det inkluderer brystkreft, blodpropp og depresjon. Ein dansk studie fann i fjor ein samanheng mellom p-piller og psykisk sjukdom. Sjølv om det er usemje om kor sterk denne samanhengen er, er det ingen løyndom at kvinner har rapportert om depresjon av p-pillebruk heilt sidan Enovid kom for 50 år sidan.

Sjølv om vi menneske har bygd robotar og dratt til månen, har vi dei siste femti åra framleis ikkje produsert hormonell prevensjon for menn. Det vil seie: Forskarar har klart å utvikle det, men eksperimenta er avbrotne og legemiddelfirma er skeptiske til å distribuere prevensjon til menn på grunn av biverknadane. Om krava til biverknadar er annleis for menn enn for kvinner, er uvisst, men i begge tilfelle er det vanskeleg å konkludere sikkert med at fysisk og psykisk sjukdom kjem frå prevensjonen.

Hormonell prevensjon har gitt mange kvinner (og menn) stor fridom. Men det er viktig å hugse på at det ikkje ville eksistert utan at uvitande testpersonar tok støyten for det.