Visste du at kultklassikaren American Psycho er regissert av ei kvinne? Her er ni filmperler du kan kose deg med i høve kvinnedagen.

Rakeb Berhanu, Jenny Lund, Ola Birgitssøn Vik
Publisert

A Girl Walks Home Alone at Night (2014)

Regissør: Ana Lily Amirpour
Kor: Mubi

Dersom du likar westernfilmar, men er lei av stoiske kvite menn i pistolar, er A Girl Walks Home Alone at Night den perfekte filmen. Regissert av Ana Lily Amirpour, og utgitt i 2014, har filmen blitt ein kultklassikar.

I A Girl Walks Alone at Night følgjer me unge mannen Arash i den iranske byen «Bad city» og ein einsam vampyr som herjar i same by. Arash jobbar hardt for å ha råd til å leva, men hans dopavhengig far brukar opp all pengane deira. Når Arash møter på ei jente som vandrar rundt byen på kvelden, tek livet hans ein fullstendig vri.

Det finaste med filmen er korleis han er feministisk og viser kvinnekampen på ein unik måte. Kvinnekarakterane er nyanserte, har draumar og er i stand til å vera vonde. I filmen er ikkje vampyren det einaste  monsteret, menn som mishandlar kvinner er også framstilt som monstera.

I rollebesetninga finner me blant anna Sheila Vand, Arash Marandi og Mozhan Marno. Sidan dette er ein persisk film sett i Iran, er skodespelarane av iransk bakgrunn. Det er forfriskande å møta på flinke skodespelarar som ikkje kjem rett frå Hollywood. Ein får ei heilt anna kulturell oppleving.

A Girl Walks Home Alone at Night er filma i svart og kvitt, og er fylt med vakre senar. Det svarte og kvite filteret hjelper med å sette tonen til å vera dyster og einsam – noko som reflekterast i karakterane og sjølve byen. Samtidig er scenene dvelande, og kvar scene tek tida si til å visa oss kor håplaus byen er.

Filmen er ein vakker, eigenarta film om kvinnenes plass i Iran, som lærer oss om ikkje-vestleg kvinnekamp.


 

I Am Not a Witch (2014)

Regissør: Rungano Nyoni
Kor: Viaplay

I enkelte delar av Afrika, spesielt på landsbygder, kan klagemål om hekseri få alvorlege konsekvensar. Rungano Nyoni problematiserer dette i filmen I Am Not a Witch som kom ut i 2014.

Hovudrolla er spelt av Maggie Mulubwa som er ein spektakulær skodespelar til å vera så ung. Ho meistrar å skildra nyansar av karakteren sin med klarheit og innsikt, og ein blir djupt emosjonelt investert i karakteren hennar.

I Am Not a Witch handlar om ei åtte år gamal jente som får namnet Shula (Maggie Mulubwa). Når ho blir skulda for å vera ei heks av folket i lokalmiljøet, får ho valet om å forvandla seg sjølv til ei geit eller bli send til ein leir kor hekser blir tvunge til å utføra arbeid. Shula vel å bli send til leiren, og lever ut livet sitt som ein heks.

Det som er unikt med I Am Not a Witch er at han blir fortalt som afrikansk folklore. Noko som kjenneteiknar denne sjangeren av historieforteljing, er at han har eit klart moralsk standpunkt, dyr er sentrale verkemiddel og at han har ei eventyrleg tone. Dette er noko ein ikkje møter på i populærkulturen, og ein får oppleva ei heilt ukjend måte å fortelja historier på.

I Am Not a Witch fortel om eit samfunnsproblem med satire. Nyoni prøver å visa fram kor latterleg det er at ein unge blir skulda for å vera heks, og prøvar å åtvara oss om å ikkje venda ryggen vår til ein slik problem.

Klagemål om hekseri er ein del av kvinnekampen, og I Am Not a Witch er ein fantastisk film som set søkjelys på problemet. Dersom du vil læra om problematikken, og samtidig få med deg ein god film, må du sjå på I Am Not a Witch.


 

 

 

Fleabag (2015-2019)

Skapar: Phoebe Waller-Brigde
Kor: Prime Video

Serien er basert på Waller-bridge sitt ei-kvinne-skodespel. Ho spelar sjølv karakteren Fleabag, ei ung kvinne i London viss kvardagslege problem med kjærleik, jobb og familie blir forsterka av ein nyleg tragedie i livet hennar. Me kjem tett innpå tankane hennar; ho snakkar ofte direkte inn i kameraet, som om me såg ho på ein teaterscene.

Fleabag har eit heilt unikt tempo, humor og uttrykk som eg ikkje får nok av. Gjennom å vera enormt personleg og spesifikk, får det ein slags universell appell. Eg har sjølv inga erfaring med å vera ei kvinne i 30-åra i London som driv ein mislykka hamster-cafe, men etter å ha sett serien, vil eg påstå at eg veit litt om korleis det kjennest.

Serien er proppfull av knallgode karakterar. Min favoritt er søstera Claire (Sian Clifford), den rake motsetninga til Fleabag sin laussleppte livsfilosofi. Claire er også gift med ein forferdeleg ekkel mann, som heldigvis får som fortent. I serien får me også sjå den legendariske Olivia Coleman. Ho speler Fleabag si nye stemor, som er både sukkersøt og motbydeleg på ei og same tid. I sesong 2 blir med kjend med ein prest spelt av Andrew Scott, som for tida er aktuell med All of Us Strangers.

Fleabag er morosam, engasjerande, enerverande og eineståande på ei og same tid. Ein serie eg vil tilrå alle å sjå.


 

Sau (2024)

Regissør: Rebekka Nystabakk
Kor: Kino

Sau er ein rørande dokumentar om moderne landbruk som både bryt med og held fast på tradisjon.

Filmen følgjer Rakel Nystabakk og kona Ida som har bestemt seg for å flytta heim til Nordland og ta over Nystabakk-garden. Der er det høns, hund, eit par foreldre, og såklart; sau. Me får bli med på eit heilt år med sauedrift, frå lamming, beiting, slakting og så lamming igjen.

Heile familien er varm og imøtekommande og naturlege filmstjerner. Det ser leikande lett ut; dei er morosame på kamera, samtidig som dei tek imot lam midt på natta. Dei viser kvardagsslit, dei store opp- og nedturane. Filmen er eit veldig fint bilde på korleis det faktisk er å drive med småbruk. Og den er artig; sau er ganske morosame i og for seg sjølv.

Rakel er vis, og driv garden på ein gjennomtenkt måte. I løpet av filmen overbeviste ho meg om at slike småbruk er framtida. Filmen går på for tida på kino, og er absolutt verd å få med seg, anten du har, eller har lyst på, eit nært forhold til sau.


 

Lady Bird (2017)

Regissør: Greta Gerwig
Kor: Prime Video

Greta Gerwig er kjend for mange ting; skodespelar, manusforfattar og regissør. I fjor gjorde ho braksuksess med Barbie, og tidlegare har ho stått bak ein fantastisk versjon av Little Women-historia, og ein av mine favorittfilmar, Lady Bird.

Lady Bird (Saoirse Ronan) går siste året på high school i Sacramento i California. Me følgjer den rebelske sjela gjennom eit turbulent år med store, dramatiske hendingar, som også er heilt kvardagslege.

Det beste med filmen er forholdet mellom Lady Bird og mora (Laurie Metcalf). Alle dei ulike rollene dei speler, det å samtidig vera kvarandres beste venn og største kritikar, og korleis dei til sjuande og sist er utruleg glade i kvarandre.  Eg trur det er mange som kan kjenne seg igjen i akkurat dette.

Filmen byggjer på Gerwig sine eigne opplevingar av å vekse opp i Sacramento. Staden er så varmt filma, nesten nostalgisk, og saman med Jon Brion sitt fabelaktige lydspor er det eit perfekt bakteppe for resten av handlinga. Lady Bird sin indre konflikt blir handgripeleg gjennom landskapet, heimplassen er trygg, men kjedeleg; ho har behov for noko meir.

Om Barbie fall i smak, eller om du nokon gong har vore tenåring, er dette filmen for deg.


 

American Psycho (2000)

Regissør: Mary Harron
Kor: Netflix (strøyming), Google Play, SF Anytime, Blockbuster, Apple TV+, Rakuten TV, Microsoft (leige/kjøp)

New York City, på slutten av 80-talet. Forretningsmannen Patrick Bateman er kjekk, velstelt og rik. Kvardagen består av rolege dagar på jobben, lunsjar og middagar på fine restaurantar, og kveldar på dei dyraste utestadane. Patrick et den riktige maten, trenar dagleg, og tek godt vare på huda si. Han er også ein sadistisk seriemordar.

Kanskje eg skulle sagt det først?

Mary Harron tok ikkje på seg ei enkel oppgåve då ho takka ja til å filmatisere Bret Easton Ellis sin kontroversielle roman. Resultatet er utan tvil annleis enn kjeldematerialet, ja, men det er også vellaga, velspelt og mørkt underhaldande. Spesielt Christian Bale gjer eit sterkt inntrykk, med ei tolking av Patrick Bateman som er like glatt som han er patetisk.

Høgt elska båe av filmfans med sans for morbid humor og tenåringsgutar som ikkje hadde forstått satire om han beit dei i nasen, er American Psycho ein kultklassikar som stadig trekk til seg nye sjåarar. Om ein til no berre har sett redigerte videoklipp herifrå, er det på tide å få med seg heile filmen.


 

Hustruer (1975)

Regissør: Anja Breien
Kor: Filmarkivet (leige/abonnement), Filmoteket (gratis med norsk bibliotekskort), TV2 Play (leige)

Tre gamle venninner møtest på ein klassefest, 15 år etter at dei vert ferdige på folkeskulen. Dei har ikkje sett kvarandre på årevis, og utnyttar tida saman til å finne ut kva som har skjedd i livet deira sidan sist. Mie er trebarnsmor, Kaja er høggravid og Heidrun jobbar på sjokoladefabrikk.

Ikkje ferdige med festen enda, let dei tre kvinnene menn og barn ta vare på sjølv for å dra på ein tre dagar lang rangel – gjennom kaféar, barar, leilegheiter og ut i den store verda.

Hustruer er eit svar til John Cassavettes sin klassikar Husbands, som kom ut fem år tidlegare. Mens den følgjer tre kompisar på ein liknande rangel, tenkte regissør Anja Breien at det kunne vere interessant å undersøkje kva som skjer då kvinner begynner å oppføre seg som mannfolk. Korleis hadde det passa inn med alle dei forventningane som er knytt til rollene som hustruer, mødrer og i det heile tatt kvinner?

Anja Breien er ein av dei mest kjente og produktive kvinnelege regissørane me har her i Noreg. Hustruer er herleg leikande, med ein forteljingsflyt som kjennest nesten heilt spontan, men utan at han legg kvinnesaka frå seg. Det vert også den første av tre filmar i eit heilt unikt prosjekt, då oppfølgjarar kom ti og tjue år seinare, med dei same skodespelarane tilbake i rollene.


 

Titane (2021)

Regissør: Julie Ducournau
Kor: Filmoteket (gratis med norsk bibliotekskort), Google Play, SF Anytime, Blockbuster, Apple TV+, Rakuten TV (leige/kjøp), TV2 Play (leige)

Kor langt kan ein dra ei løgn før han begynner å vere sann?

Alexia er ei ung, gravid kvinne på rømmen frå politiet etter å ha utført fleire drap utan tydeleg motivasjon.

Vincent er ein brannmann som ikkje kan gi slepp på sonen som forsvann for ti år sidan.

Deira skjebnar vert bunde saman når Alexia bestemmer seg for å søkje tilflukt hos han ved å utgje seg for å vere den forsvunne guten, ikkje klar over kor innvikla den situasjonen ho har satt seg sjølv i er på veg til å bli.

Stilfull, brutal og tvers igjennom bisarr er dette ein av dei filmane som er vanskelege å samanlikna med noko anna, rett og slett fordi det ikkje er så mange liknande filmar.

Regissøren, franske Julie Ducournau, er etter mi meining ein av dei aller mest spennande som jobbar i dag. Etter å først ha vore co-regissør av filmen Eat gjorde ho ein knallsterk solodebut med kannibalfilmen Raw. Siden regisserte ho denne filmen, Titane, som vann Gullpalmen ved filmfestivalen i Cannes i 2021. For tida jobbar ho på ein ny film saman med det anerkjente produksjonsselskapet A24. Så langt er ingenting avslørt om verken handling eller medverkande, men held han det same nivået som dei tidlegare verka hennar er det berre å grugleda seg!


 

Shiva Baby (2020)

Regissør: Emma Seligman
Kor: HBO MAX

Shiva Baby er ein dramakomedie som kom ut i 2020, som er regissør Emma Seligman sin debutfilm.

Filmen handlar om den unge jødiske, biseksuelle jenta, Danielle, og hennar opplevingar på ein shiva saman med foreldra. Uheldigvis for Danielle, møter ho på sugardaddyen sin, og finn ut at han har kone og born. Mens Danielle prøvar å unngå sugardaddyen sin, møter ho på andre menneske ho helst vil unngå.

Sidan dette er ein film som drivast fram av karakterane sine handlingar, og forholda mellom karakterane, er det essensielt å ha ein sterk rollebesetning. Shiva Baby lykkast godt med dette – kjemien mellom skodespelarane er fantastisk, og følast naturleg.

Hovudrolleinnehavar Rachel Sennott har blitt ein av dei leiande skodespelarane innan indie-komediar. I Shiva Baby viser ho kvifor ho fortener denne tittelen. Saman med Sennott, er Molly Gordon, Fred Melamed, Polly Draper, Danny Deferrari og Dianna Agron i rollebesetninga.

Shiva Baby er utruleg innovativ. Sjølv om filmen er ein dramakomedie, vel han å ta ein total vri, og set opp ein skrekk- og thriller-atmosfære. Dette er desidert det beste aspektet ved Shiva Baby. Film- og lydbiletet er som i ein skrekkfilm, nettopp fordi Danielle verkeleg tenker at situasjonen hennar er skrekkeleg.

Filmen er også utruleg klein – på ein god måte. Ein blir ukomfortabel og får ei uggen kjensle i magen, samtidig som ein ler seg i hel. Det er denne dualiteten som gjer Shiva Baby utruleg.

Kleinheit, skrekkelege familiesamlingar og fortapte 20-åringar. Dette er det ein får i Shiva Baby, og kvart sekund av filmen er spektakulært.