Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 21.11.2017 12:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå høgre får vi høyre vi at Vesten og den jødisk-kristne sivilisasjonen blir knust mellom utanlandske religiøse fanatikarar og lokale hettekledde ekstremistar. Undergangsteoretikarane frå venstre snakkar om kupp, overvakingsregime, og det uunngåelege – men unnvikande – samanbrotet til kapitalismen.

For Wolfgang Streeck, den profetiske tyske sosiologen, er det kapitalisme eller demokrati. Som mange undergangsteoretikarar stiller Streeck oss ovanfor valet mellom skjærseld og paradis. Som så mange føre seg insisterer Streeck på at vi har passert gjennom vestibula til infernoet. – Før kapitalismen går til helvete, hevdar han i How will Capitalism End? (2016), vil det så langt fram vi kan sjå hengja i limbo, daudt eller i ferd med å døy av ein overdose av seg sjølv, men enno veldig mykje til stades, då ingen vil ha makt til å fjerna den forfalne kroppen hans ut av vegen.

Faktisk er førestillinga om tilbakegang ein ting som ekstremistane til venstre og høgre er samde om. Julian Assange, avataren for apokalyptisk populisme, får støtte frå både nazistar og sosiale rettferdskrigarar. Han fortalde til ein reporter korleis den amerikanske makta, kjelda til vondskapen på jorda, er i tilbakegang slik Romarriket ein gong var det. «Dette kan vera byrjinga,» kviskra han med eit smil og gjentok det som mantraet til ein hevnande engel.

Tilbakegangen til Romarriket er ein viktig forgjengar. Verdshistorikarar har spela rolla som dommedagsspåarar. På same tid som den engelske historikaren Edward Gibbon sitt første volum av The History of the Decline and Fall of the Roman Empire (1776) vart publisert, sa dei amerikanske kolonistane farvel til sine overherrar; nokre les det som eit varsel. Den første verdskrigen brakte endetidstankane inn i den moderne tidsalderen. Den mest berømte var den tyske historikaren Oswald Spenglers The Decline of the West (1918). Blodbadet i Flandern og influensapesten frå 1918 – som drap opptil fem prosent av folkesetnaden i heile verda – gjorde at The Decline of the West hadde kome i rett tid. Spengler la til eit eige poeng: han føresåg at sivilisasjonen i vest ville trenga ein allmektig leiar for å redda seg mot slutten av hundreåret, ein idè som autokratar sidan har teke til seg.

Det er nesten ein del av den moderne tilstanden å venta seg at festen skal vera over før heller enn seinare. Det som varierer er korleis slutten kjem. Vil det vera ein bibelsk katastrofe? Eller vil det verta meir gradvis, som Malthus’ idé om svolt eller ein nedgang i moral?

Vår undergangsepoke er merkverdig på ein viktig måte. Det er ikkje berre dei vestlege som er i trøbbel; takka vera globaliseringa, er det òg noko som rammar resten av verda. Faktisk er heile menneskeslekta i dette rotet; våre globale forsyningskjeder og klimaendringar har sørgt for at vi saman står overfor ei sjette masseutrydding. Vi bør uroa oss mindre om livsstilen vår og meir om sjølve livet.

Undergangsteoretikarar deler nokre trekk. Dei blir lesne meir i tider med uro og usikkerheit. Dei er òg tilbøyelege til å tenkja at helvetet som ventar på oss kan unngåast med ei stor katarsisk rensing eller ein stor karismatisk figur.

Men mest av alt ignorerer dei teikn på betring som peikar på mindre drastiske måtar å løyse problema våre på. Undergangsteoretikarar har ei stor blindsone fordi dei er tiltrekte av dristige, totale, altomfattande alternativ til den einsformige gråskapen som enklare løysingar tilbyd. Kvifor gå for delløysingar og stykke det opp når du kan vende heile systemet opp ned?

Undergangsteoretikarar hevdar at dei ser det store biletet. Portretta deira er storslagne, altoppslukande, totalitære. Berre sjå på ein av dei aller største bestseljarane, Club of Rome sin The Limits to Growth (1972). Med meir enn 30 millionar eksemplar selt på 30 språk, gav dette Project on the Predicament of Mankind lesarane sine eit bilete av undergang, gjeve med dyster tillit til «tilbakekoplingssløyfer» og «interaksjonar».

Faktisk hadde det mykje til felles med den gode presten Thomas Malthus, spesielt når det gjaldt lidenskapen for avtakande avkasting. Malthus var så fiksert på nedgangen i dyrkbar mark at han ikkje kunne sjå kjelder til aukande avkasting – i alle fall ikkje i byrjinga. Nokre av venene hans overtydde han til slutt om at maskiner og kolonialisme løyste problemet med for lite mat for mange munnar; seinare utgåver av Essay on the Principle of Population (1798) baska med å gjera greie for dette.

På same måte simulerte systemanalytikarar ved Massachusetts Institute of Technology heile verda, men klarte ikkje ta med små bilete av oppfinnsamheit, problemløysing og tilpassing. Nokre av desse hadde den perverse effekten å låsa opp så mange fleire kjelder av karbon at vi hadde byrja å koka kloden nokre generasjonar seinare!

Ei avvikande stemme på 1970-talet var Albert O. Hirschmans. Han var uroleg for at undergangsspådommar var så attraktive. Fælslege spådomar, åtvara han, kan blenda dei som freistar å sjå det store biletet for det som faktisk tyder på det motsette: Positive historier og glimt av løysingar. Det er ei årsak til det: Undergangsteoretikarar blandar saman veksesmerter av endringar med teikn på slutten av heile systemet. Undergangsteorien gløymer å tenka på om det faktisk kan vere nye måtar å leve på eller gjere ting på som kjempar seg fram der ting tilsynelatande går under.

Kvifor er undergangsteoriare så attraktive om det er slik at historia sjeldan samsvarer med spådomane? Hirschman spora det til ein profetisk stil, ein som appellerte til intellektuelle som vart trekt til fundamentalistiske forklaringar og som føretrakk å peika på uhandterlege årsaker til sosiale problem. For revolusjonære er det som kjem eit utopisk alternativ. For reaksjonære er det kjem dystopi. Resultatet er ein antagonistisk tenkjemåte, ei tru på at historia svingar frå eit stort, integrert, altomfattande system til eit anna. Samanlikna med audmjuke framsteg, kompromiss og innrømmingar – så keisamt! – har den fantastiske visjonen om ein fullstendig overhaling så mange attraktive sider.

Å føretrekke dei dristige og dei store har farar. Manglande evne til å sjå nyvinningar ein ikkje ventar skal kome og teikn på håp i ein frenetisk iver for å overhala snøggast råd, kan ofte gje meir øydelegging enn oppbyggjing. Hirschman hadde sett kva undergangsteoriane leia til før. Han voks opp i Weimar-republikken i Tyskland og såg korleis landet hans gjekk i ei «ideologisk felle» og splitta seg opp til ekstreme ytterpunkt i byrjinga av 1930-talet, då kommunistar og fascistar vart samde om å riva republikken ned i håp om å lukkast med å innføre dei rivaliserande utopiane sine – medan dei var usamde om alt anna.

Fleire tiår seinare såg Hirschman korleis latinamerikanarane fortvila over utsiktene for demokratiske reformar i landa sine. Det han kalla «fracasomanía» – tilbøyelegheit til å sjå feil overalt – blinda dei til å leggje merke til verkelege, inkrementelle framsteg og prestasjonar. Og årsaka til at dei feila, var at tilbakegangen i Latin-Amerika hadde teke tak i demokratisk reformisme. Resultatet var å setja meir tillit til stadig meir ekstreme synspunkt og freista til direkte handling. Studentar ved Universitetet i Buenos Aires vart med i urbane geriljagrupper. På den andre enden av spekteret frykta argentinske reaksjonære slutten på den vestlege sivilisasjonen og vende seg til paramilitære dødsgrupper. Då kuppa endeleg kom i mars 1976, døypte militærjuntaen seg som Prosessen for nasjonal reorganisering. Då nære vener gøymde seg eller flykta, kjende Hirschman stikk av déjà vu. Han byrja å ha mareritt om sine eigne ideologiske feller frå ungdomstida. Då tyske utgjevarar bad han om å skriva eit spesielt føreord til den tyske omsetjinga av hans klassiske Exit, Voice, and Loyalty (1970), kom minne frå Berlin 1933 stormande attende.

Problemet med undergangsteori er at det stadfestar dydane til våre høgaste, umoglege løysingar på grunnleggjande problem. Det stadfestar òg skuffelsane vi har i endringane vi faktisk har gjort. Dette er ikkje det same som å seia at det ikkje er dypsete problem. Men å sjå dei som bevis for uutsletteleg død kan forverra fantasien våre ved å lokka oss til sirenene som lovar total forandring eller fatalisme.

Jeremy Adelman er professor of historie and direktør for Global History Lab ved Princeton University i USA. Denne teksta var først publisert i Aeon og vart omsett frå engelsk av Arnt Olav Foseide etter CC 3.0-lisens.
Aeon counter – do not remove