Oslo-ungdommar meiner vesten er i krig med islam

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Unge i Oslo: Vesten i krig med islam

Ei ny undersøking viser haldningane ungdom mellom 16 og 19 år har til ekstremisme, vald og islam. Resultata overraska fleire. Mellom anna er 25 prosent av dei spurde heilt eller litt einige i at islam truar vestleg kultur, og 58 prosent er heilt eller litt einige i at det er ein krig mellom islam og vesten. Det skriv Aftenposten.

Einige i at ekstremisme truar
Undersøkinga er gjennomført av NOVA (Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring), og 8500 Oslo-ungdommar i alderen 16-19 år vart spurde. Dei skulle ta stilling til desse fem påstandane:

1. Eg meiner det føregår ein krig mellom islam og vesten.

Her svarte berre 11 prosent at dei var heilt ueinige, medan 58 prosent sa dei var litt eller heilt einige. 20 prosent svarte at dei ikkje visste.

2. Eg meiner høgreekstreme truar muslimsk kultur og verdiar

Ni prosent sa dei var heilt ueinige, medan 51 prosent var litt eller heilt einige. Her var så mykje som 30 prosent av dei spurde usikre.

3. Eg meiner vesten generelt truar muslimsk kultur og verdiar

21 prosent var heilt ueinig, 31 prosent var litt eller heilt einig. Heile 27 prosent svara «veit ikkje»

4. Eg meiner ekstremistisk islam truar norsk kultur og verdiar

11 prosent var heilt ueinig og 13 prosent var litt ueinig. Til saman var 52 prosent heilt eller delvis einig i påstanden, medan 24 prosent visste ikkje.

5. Eg meiner islam generelt truar norsk kultur og verdiar.

Her var 36 prosent heilt ueinige, medan 25 prosent var litt eller heilt einige. Heile 23 prosent svarte «veit ikkje».

Desse tala er merkelege, meiner forskarane som står bak undersøkinga. Likevel finst det fleire forklaringar, mellom anna at ein såpass stor del svara «veit ikkje» på alle spørsmåla. Viggo Vestel, ein av NOVA-forskarane, meiner det kan vera vanskeleg for mange unge å vurdera korleis verda er i dag.

– Obama hevdar at det ikkje er ein krig mellom Vesten og islam, og det same gjer Erna Solberg. Samstundes blir ordet krig brukt veldig ofte, seier Vestel til Aftenposten, og påpeiker at det kan vera lett å mista presisjonen.

Tek avstand frå vald
Det store fleirtalet tek avstand frå politisk motivert vald, ifølgje undersøkinga. Berre nokre få prosent, frå 2,6 til 4,2 støttar politisk motivert vald i stor grad – det betyr at ein stad mellom 221 og 357 ungdommar, ifølgje Aftenposten.

Fleirtalet tek også avstand frå unge som har reist til Syria for å kjempa med våpen i krigen. Heile 59,2 prosent støtta ikkje valet i det heile, og 14,4 prosent støtta valet i liten grad. Tre prosent sa dei støtta eit slikt val i stor grad.

Du kan lesa meir om ekstremisme og radikalisering hos Framtida.no

Tom vart nynazist i fengsel. No jobbar han mot radikalisering.

Svein Egil Omdal: Journalistar er nyttige idiotar for ekstremistar og Odins soldatar.

Øyvind Strømmen: – Jo hardare og meir brutal debatten blir, jo meir trøbbel får me frå dei høgreekstreme.