Framtida
Publisert
Oppdatert 15.11.2017 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Så er sommaren her igjen, og norske aviser og nettfora er alt godt i gong med sin yndlingsaktivitet for årstida: å gjenta seg sjølv, utan ende. Såleis kan du lese side opp og side ned om kva du kan gjere for å unngå flåttbitt, kor til du bør reise for å få oppleve best mogleg ver, og korleis du må bere deg åt for å få den perfekte bikinikroppen. I tillegg kan du, viss du vil – det er jo, teknisk sett, ei friviljug sak å lese nettaviser – ta i mot enorme kvanta såkalla «informasjon» om det som etter tekstmengda å døme må vere det største trugsmålet mot vår stolte nasjon sidan Svartedauden, nemleg fattigfolk frå Romania og Bulgaria som går på gata og masar om pengar.

Dagleg vert det publisert bulletinar om «invasjonen», politikarar frå høgre til venstre overbyr seg sjølv med absurde forslag om korleis ein skal kunne handtere «krisa», og på kommentarfeltplass nøler ikkje vaksne menn og kvinner, gjerne under fullt namn, med å karakterisere denne merkverdige minoriteten som «rotter» eller «parasittar», samt antyde at når det gjeld akkurat dette, hadde nok Hitler heilt rett (han var ein enkel mann, og det er ingen premie for å gjette kva han meinte burde gjerast med romfolket). Det lét til at det mellom breie lag av folket finst aksept for å karakterisere denne gruppa på ymse vis som ville vere heilt uakseptable, og i mange fall utenkjelege, når det gjeld andre grupper.

Ein må såleis spørje seg: kvifor? Kva er det med akkurat romfolket som provoserer så mange så sterkt? For det første: som nemnt, dei tigg om pengar. Tigging er eit fenomen som utløyser sterkt motstridande kjensler hjå mange, underskrivne inkludert. Vi synst ofte synd på den som, av ulike årsaker, ser seg tvinga til å tigge, samstundes som det kan vere ubehageleg å verte konfrontert med elendet, og det kan vere freistande å ynskje at tiggarane vart fjerna frå bybiletet, slik at vi ikkje lenger treng å ta ubehaget inn over oss. Men tigging er tillate i Noreg, og då det vart avkriminalisert, i 2006, var det fordi eit fleirtal på Stortinget meinte at strafferett ikkje er eit effektivt middel til å motverke fattigdom, og at underprivilegerte individ, slik som eksempelvis heimlause eller narkomane, må ha lov til å be sine medborgarar om hjelp, óg i form av direkte pengestønad.

Ironisk nok har romfolket motteke kritikk (ei svært diplomatisk formulering frå mi side) fordi dei visstnok fortrengjer andre svake grupper frå det offentlege rommet. Seljarar av gatemagasinet =Oslo har klaga over at tiggarar frå Aust-Europa trugar og trakasserer dei, tek over dei beste gatehjørna etc. Altså: gode norske narkomane lid under «invasjonen», slik kan vi ikkje ha det. Mot dette kunne ein, viss ein var mindre sympatisk innstilt til dei alltid høflege og hyggjelege seljarane av nemnte magasin enn eg er, innvende at hovudstadens heroinavhengige, uakta dei ofte tragiske personlege historiene som er ein vesentleg del av årsaka til misbruket, trass alt er oppvaksne i eit av verdas mest egalitære velferdssamfunn, og at dei såleis, til ein viss grad, sjølv har vald å falle utanfor. Ein kan velje å late vere å byrje med heroin, men ein kan ikkje velje å vere eller ikkje vere rom. Dei har i hundreår vore diskriminerte, forfølgde eller gjort til gjenstand for slaveri i sine opphavlege heimland, og har såleis, reint objektivt, viss ein ser vekk frå spørsmålet om kor vidt det er eller ikkje er moralsk ansvarleg å tigge, gode grunnar til å kome til Noreg, kor folk både er langt rikare og, har dei opplagt von om, mindre fiendtleg innstilt til rom som gruppe. Dette siste har likevel synt seg å ikkje slå til: nordmenn har ganske ukritisk tileigna seg det rasistiske vokabularen som vert nytta om romfolket i Aust-Europa; dei er late, skitne, incestuøse og fulle av sjukdom, dette er (hevdar mange) nedfelt i kulturen deira, og kan (av ein eller annan, gåtefylt grunn) aldri endrast, og deira nærvære i landet vårt vert såleis sjeldan omtalt som ei sosial utfordring, men snarare eit renovasjonsspørsmål. Dei må fjernast frå gater, parkar, skog og mark, slik at dei ikkje skal kunne spreie sin etniske smitte (kva no denne eigentleg består i).

Samstundes er det visstnok imperativt å hindre dei i å leve opp til våre krav om adekvat personleg hygiene. Forslag om å opprette offentlege brakker kor fattige menneske utan fast bupel får tilgjenge på dusj og toalett, har utløyst ampre debattar og til dels grov hets i fleire norske byar. Då kommunalbyråden i Bergen, Lisbeth Iversen (KrF), ville late byens tiggarar nytte sanitærfasilitetane ved Sentralbadet, vart ho kontant sett på plass av sin eigen byrådsleiar, og trekte seg frå stillinga etter å ha vorte trakassert i 17.-maitoget.

Per Sandberg (Frp) la fram forslag om at politiet burde kunne stoppe romfolk på grensa utan anna grunngjeving enn at dei er romfolk, trass i at dei altså er borgarar av land som er medlemmer i Schengen-samarbeidet og såleis har rett til å kome hit. Sandberg var sjølvsagt klar over at forslaget var ugjennomførbart og følgjeleg meiningslaust, men samstundes visste han óg at det ville verte møtt med vill applaus frå dei mange som ser på rom som eit potensielt livsfarleg framandelement.

Fleire politikarar har meint at vi, heller enn å leggje til rette for tigging i Noreg, bør leggje press på rumenske og bulgarske styresmakter slik at romfolket får betre livsvilkår i sine eigne heimland. Men det ville vere meiningslaus symbolpolitikk. Majoritetsbefolkninga i Romania og Bulgaria har systematisk diskriminert romfolket i hundrevis av år. Kven er det som trur at dei vil gje seg med dette berre fordi den norske staten bed om det? Og kvifor skulle vi ha rett til å krevje noko av rumenarar og bulgararar som vi ikkje er viljuge til å gjere sjølv?

Uansett: slik går dagane. Nokre tusen rom som oppheld seg i Noreg i sommar vil verte utsett for eit etnisk hat vi ikkje har sett her til lands sidan mellomkrigstida, då tvungen assimilering (og sterilisering) av taterar og samar stod på programmet. (Vi ser her bort frå jødeforfølgingane den tyske okkupasjonsmakta iverksette i perioden 1940-45).

For min eigen del ynkar eg meg over tanken på kva vi har tillate oss sjølv å verte, samstundes som eg held fram med å ikkje gje pengar til tiggande rom (eller andre). Eg trur ikkje eigentleg det hjelper. Eg fryktar dei har rett som hevdar at det i alt for stor grad dreier seg om organisert kriminalitet, og at pengane går til kyniske bakmenn, snarare enn til dei som har prekære økonomiske behov. Men det er praktisk for meg å frykte dette, ettersom det gjev meg ei orsaking for ikkje å dele det eg har, og det kan vere greitt for meg og andre som har det som meg å hugse at det ikkje hjelper å ikkje gje dei pengar heller.

Romfolket er eit problem: ikkje for vår nasjonale velstand, men for vår kollektive moralske helse. Vi fryktar dei utan å skjøne kvifor, og klarar ikkje ta inn over oss at dersom ein ynskjer at ei gruppe skal utgjere eit trugsmål mot nasjonen, er ingenting meir effektivt enn å behandle dei som nettopp det.