– Me har ikkje noko fullverdig språk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 23.10.2017 14:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Første bok på norsk romani

– Språket er noko av det viktigaste i ein kultur, missar ein språket missar ein kulturen, meiner leiar i Taternes Landsforening, Holger Gustavsen.

Mariann Grønnerud, som er styremedlem i foreininga, og mora Anna Gustavsen, har ho dei siste åra køyrd landet rundt for å smale inn historier frå taterar i Noreg om deira liv.

Dei to kvinnene er ein slags krysning av Ivar Aasen og Asbjørnsen og Moe. Resultatet er den komande boka «Vandriane rakkrar», som vert  «Taterane fortel» på norsk.

LES OGSÅ: «Neger» er ut – kvinner tek mest omsyn

Viktig kultuberar
– Me har ikkje noko fullverdig språk, fordi me manglar skriftspråk, fortel Grønnerud, som arbeider med å endre på dette.

Historiene er samla inn på bokmål, for så å verte omsett til norsk romani. Med på laget har dei hatt språkforskar Rolf Theil, som har arbeidd mykje med å dokumentere og skrive ned det munnlege språket. Han har bidrege med ei konsekvent rettskriving, og har i tillegg oversett tekstane til nynorsk.

LES OGSÅ: Språkrådet ber om samla ordbokpolitikk

Myndigheitsskepsis
Gustavsen fortel at hennar eiga historie har fått plass mellom permane.

Taterane si historie er ei historie prega av overgrep og stigmatisering. Få nordmenn snakkar om myndigheitene på den same måten som tatarane. Dei er framleis skeptiske. Men i boka har dei vald å ikkje berre fokusere på det vanskelege.

– Det er mange positive historier, sidan boka er retta mot barneskulen, me vil jo ikkje setje sjokk på ungane, seier Grønnerud.

Tanken er at boka skal nyttast i skulen, for sjølv om romanifolket i Noreg har status som minoritet og rett på morsmålsopplæring etter opplæringslova, er dette i praksis vanskeleg. Det er ikkje lærarar med kompetanse til å lære bort romani, og det finnest heller ikkje skriftleg læremateriell.

LES OGSÅ: Vil ha samisk som sidemål

Utryddingstruga
Lingvist Rolf Theil bekreftar at det finnast lite nedskrive på norsk romani. Av publisert materiell er det nokre kortare tekstar. Den første kjende er ei omsetjing av fadervår frå midten av 1800-talet. Det finnast òg nokre ordlister, men Språkrådet meiner at det er behov for betre ordlister i minoritetsspråket.

Rolf Theil gjer sitt, han planlegg å skrive ei lærebok i norsk romani etter arbeidet med denne boka.

– Kor mykje taterane kan av språket sitt er veldig varierande, fortel Theil, som vonar at utgjevinga vil auke kunnskapen om norsk romani, særleg hjå unge taterar.

Norsk romani er eit utryddingstruga språk. Kor mange som snakkar det har ein ikkje tal på, sidan ein heller ikkje har tal på kor mange taterar det er i landet. Det vil dei ikkje ut med. Theil anslår at det truleg dreier seg om ein del tusen.

LES OGSÅ: Å etablere eit språk med andre menneske

Nynorske bøyingar
Norsk romani stammer frå det indiske språket sanskrit. Etter at det reisande folket kom til Noreg kring år 1500 har språket deira utvikla seg i ein annan retning enn til dømes svensk romani eller walisisk romani. I norsk romani nyttast små norske bindeord saman med språket.

I Spania og England, som i Norden, har romanispråket teke til seg grammatikken og setningsbygginga frå majoritetsspråket, medan taterar på Balkan framleis nyttar den indiske grammatikken.

Bøyingane i norsk romani liknar moderne nynorsk. Til dømes vert grei, som er ordet for bil, greiar i ubestemt fleirtal og greiane i bestemt fleirtal. Dette har fascinert språkvitaren.

– Dette liknar nok ein norsk dei snakka òg på Austlandet for nokre hundre år sidan. Det er ikkje slik at dei har lese Ivar Aasen sin grammatikk, for språket er eldre enn det, seier Theil.