Tung tids tale

Nils Henrik Smith
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Som dei aller mest årvåkne kanskje har fått med seg, vart det i førre veke avsagt dom i rettssaka etter 22. juli. Gjerningsmannen –  (som ikkje fortener den merksemda han gjerne vil ha og som eg difor ikkje nemner namnet til) – vart funnen tilrekneleg og dømt til forvaring, sannsynlegvis resten av livet. Det er bra. Men er det bra nok? Eg er ikkje sikker.

Eg vil gjerne nytte høvet til å lovsyngje Oslo Tingrett, som har gjort grundig og glimrande arbeid i ei ekstremt vanskeleg sak. Min største helt for tida er såleis ei gråhåra kvinne i femtiårsalderen, rettens adminstrator Wenche Elizabeth Arntzen; då rettssaka tok til, måtte ho tóle eit nedrig angrep frå den tiltalte, som hevda at ho var inhabil fordi ho er vener med Hanne Harlem, syster til Gro Harlem Brundtland, som han hadde planlagt å drepe. Tenk litt over dette, forsøk å følgje logikken i det, og du får innblikk i eit rett nok tilrekneleg, men likevel ekstremt forvirra sinn. Førre fredag, etter at dommen var opplesen, fekk han igjen ordet; han freista då å framføre ei orsaking – ikkje til dei mange han har råka gjennom sine illgjerningar, men til sine meiningsfeller (som beklageleg nok finst) fordi han ikkje hadde lukkast endå betre i sitt onde forsett. Arntzen kutta mikrofontilgangen hans og sa, strengt og forvitneleg klart, at han ikkje fekk lov til å henvende seg til nokon andre enn henne. Han såg tomt framføre seg, forvirra og (for første gong) i alle fall tilsynelatande djupt ulukkeleg. Eg fekk lyst til å reise meg og applaudere, eller kanskje syngje nasjonalsangen (men så tenkte eg at det ville vere i overkant eksentrisk åtferd for ein mann som sit åleine framføre ein PC, så eg gjorde det ikkje, diverre).

Uansett, poenget er dette: tingrettsdommar Arntzen hadde rett til å be den domfelte halde kjeft, men har vi andre det? Vi har, som kjent, ytringsfridom i Noreg. Ytringsfridomen gjeld for alle, men gjeld den alltid? Vel, nei, den gjer ikkje det; ingen rettar er utan avgrensingar, heller ikkje denne. Viss du ytrar deg rasistisk eller tek til orde for vald, kan du verte straffa for det. Gjerningsmannen har såleis ikkje lov til å oppfordre andre til å gjere det han har gjort. Men kan vi ta frå han ytringsfridomen heilt? Er det rimeleg å seie at fordi han valde å ytre seg med bomber og våpen, har han no – kanskje for all framtid – fråsagt seg retten til å ytre seg ved bruk av ordet, i tale eller skrift?

Her vert straks saka litt meir komplisert. Han har sjølv sagt at han vil bruke tida i fengselet til «studier og skriving». Å studere må han jo saktens få lov til – kan hende kan han til og med lære noko (eg tvilar) – men skal han ha lov til å skrive, eller meir presist; skal han ha lov til å publisere det han skriv? Dei som hevdar han bør det kun ut frå ytringsfridomsargumentet, tek opplagt feil. Ytringsfridom er ein menneskerett, men denne mannen er no faktisk fange hjå den norske staten, og fangar har faktisk ikkje alle dei rettane alle vi andre har; dei vert tvert imot (for ein viss periode) fråteken ein svært grunnleggjande menneskerett, nemleg retten til å bevege seg slik dei sjølv måtte ynskje. Dette er grunnlaget for straffesystemet i Norge og dei fleste andre land. Han er sperra inne. Kvifor skulle då tankane hans ha lov til å bevege seg fritt?

Problemet med ein slik moral, vil somme hevde, er at den er selektiv; han får ikkje lov til å ytre seg fordi vi ikkje likar meiningane hans, og slik gjer vi han (utan eigentleg å ynskje det) til ein politisk fange, ein ytringsfridomens martyr, og dét er opplagt ei rolle han ikkje fortener. Og dessutan, kva viss han ein dag innser at alt han har meint er feil, og faktisk angrar? (Det verkar kanskje lite sannsynleg, men er ikkje umogleg.) Skal han då få ytringsfridomen attende? Uansett er han jo underlagt sensur. Han har ikkje Internett – Shock! Horror! – og alt han fører av korrespondanse vert først kontrollert av andre; men han har altså lov til å sende brev, han har lov til å motta besøk, og kven kan eigentleg kontrollere om det han skriv og seier vert mangfoldiggjort der ute av andre?

Hovudargumentet mot å begrense ytringsfridomen hans (utover det som er heilt naudvendig) er som følgjer; gjerningsmannen ynskja å endre Noreg, det bør han ikkje få lov til, heller ikkje om endringane som vert gjort er negative for han sjølv. Han bør altså ikkje behandlast strengare enn andre fangar før han. Dette verkar kanskje naivt – vi har aldri hatt ein så farleg fange før – men kan neppe avfeiast som heilt irrelevant. Dessutan – og dette er, interessant nok, eit underkommunisert faktum – han er dum. Forståinga hans for praktiske, politiske, metafysiske og moralske spørsmål er ualminneleg svak. Han kan ikkje tenkje. Skal vi verkeleg late ein idiot styre korleis vi innrettar samfunnet vårt?

Eit emosjonelt svært sterkt argument til fordel for ytringsnekt er at dei fleste som mista livet 22. juli var politisk engasjert ungdom; dei har for alltid mista retten til å ytre seg om det som opptok dei. Skal den ansvarlege for at dei er borte då få behalde den? Det umiddelbart innlysande svaret lét til å vere nei, men i så fall følgjer det logisk at han óg bør miste retten til å leve, og den kan vi (heldigvis, fordi vi har eit sivilisert lovverk) ikkje ta frå han. Men vi kan gjere livet hans meiningslaust. Bør vi det?

Eg har alltid vore betre på spørsmål enn svar og har såleis ikkje svaret på noko av dette. Men eg veit at det er spørsmål vi ikkje kan ignorere, og vonar difor det finst folk der ute som er vesentleg smartare enn meg.