Press jublar for asylgjennomslag på Stortinget

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forslaget, som fekk støtte frå alle partia på Stortinget bortsett frå Høgre og Frp, inneheld mellom anna følgande punkt:

  • Alle saker med vedtak frå og med 1. oktober 2016 og fram til i dag, som gjeld einslege asylsøkande born som er henvist til internflukt og som har fått mellombels opphald, blir vurdert på nytt.
  • Ingen av dei som har fått mellombels opphald og er henvist til internflukt blir sende ut før sakene er behandla på nytt.
  • Mangel på omsorgspersonar, nettverk og/eller ressursar til å etablera seg i internfluktområdet skal ha vekt ved vurderinga av asylsøknaden.
Press-leiar Øystein Kvalø meiner asylvedtaket er eit viktig steg i rett retning. Foto: Press

Press-leiar Øystein Kvalø meiner asylvedtaket er eit viktig steg i rett retning. Foto: Press

– Dette har Press kjempa for gjennom lang tid, og endeleg fekk me gjennomslag, skriv organisasjonen på sine nettsider.

Vedtaket i Stortinget er eit nederlag for regjeringa og innvandringsminister Sylvi Listhaug, som åtvara sterkt mot forslaget frå Arbeidarpartiet.

– Når Ap legg opp til å mjuka opp politikken, vil dette nok ein gong kunna oppfattast som om det er gode kår for å senda borna til Europa og Noreg, ikkje minst av einslege mindreårige asylsøkjarar, sa Listhaug ifølgje NRK.

Sylvi Listhaug er bekymra for konsekvensane av asylforslaget frå Ap. Foto: Justisdepartementet

Førre veke røysta Ap og Sp saman med regjeringspartia mot eit forslag frå SV om å stansa alle returane av dei såkalla «oktoberbarna». Dette er asylsøkjarar som fekk mellombels opphaldsløyve då dei kom til Noreg som mindreårige, og som norske styresmakter trur fyller 18 år denne hausten. Difor skulle dei etter planen sendast tilbake til opphavslandet.

Etter ei hastehandsaming i Stortinget har altså Ap no fått fleirtal for sitt eige forslag, som ikkje går like langt som SV sitt i å leggja om politikken.

– Me kjem aldri til å gi opp kampen om å fjerna dei mellombelse opphaldsløyva fullstendig, men dette er eit viktig steg i riktig retning, skriv Press.