Når ein snakkar heilt normalt, blir det ofte ganske fort og utydeleg, med litt lange setningar og ein del unødvendige fyllord og oppattakingar, og ein opplever mange gongar at folk eigenleg ikkje fylgjer så godt med på kva ein seier, men

Framtida
Publisert
Oppdatert 10.11.2017 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

deklamering

av dikt lyder

langsamt

poengtert

lekkert og

presist

så alle

lyttar

merksamt

og med age.

 

Med andre ord trur eg at vi som snakkar utydeleg og er litt sjenerte og lågmælte, det vil faktisk kanskje seie majoriteten her til lands,

 

skulle snakka

litt mindre og

heller

lese høgt

sjølvlaga

lyrikk

 

og særskilt

viss vi

håpar

å bli høyrt.