Framtida
Publisert
Oppdatert 10.11.2017 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg er jo fullt ut på hennar side når det gjeld saka hennar, eg synest norske styresmakter gjer ein dårleg jobb med å handtera folk på flukt og i naud, og eg meiner asyl- og innvandringspolitikken vår er ei skam for eit rikt og fredeleg land som Noreg. Og likevel: Eg orkar ikkje lesa eller høyra meir om henne no.

Som så ofte når eg er misnøgd med meg sjølv prøver eg å finna nokre andre å skulda på, og i dette tilfellet meiner eg skurken peikar seg klart ut: Det er dei norske media som har skulda. Dei har fotfølgt den stakkars jenta heilt sidan ho blei henta av politiet, og har kringkasta kvart ord ho har sagt, og kvart ord som andre kjende fjes har sagt om henne. Og kva kan ho seia?

Ho er sjølvsagt redd, sint og usikker på framtida, det er ikkje vanskeleg å forstå. Treng me høyra det om og om igjen? Kan ikkje media heller bruka plassen sin på å pressa fram dei politiske endringane som trengst her gjennom å konfrontera dei som kan gjennomføra slike endringar?

Maria Amelie. Foto: Roy Sigurd Karlsbakk/Wikipedia/CC BY-SA 3.0.

Rett skal vera rett, nokre slike mediaoppslag finn me også, og ikkje minst reportasjar om andre papirlause flyktningar som har like vanskelege eller verre forhold enn Maria Amelie. Men likevel kan eg ikkje fri meg frå å tenka at dei som i løpet av ei veke endra syn på om ho burde sendast til Russland eller ikkje (22. januar var det 48% som i ei undersøking meinte at ho burde sendast tilbake, ei veke før var talet berre 27%), har det litt som meg. Og kva har media oppnådd då?

Om ein verkeleg er kynisk, kan ein tenka at dei har oppnådd nett det dei vil: Dei blæs opp ei sak til veldige dimensjonar, pressar så mykje som mogleg ut av det i ein kort periode og slepper det pladask når dei meiner at nyheitsinteressa er over. Så er det tid for ei ny sak som alle kan springa etter og rapportera detaljert frå. Dette ser me tydelegast i dekkinga av svolt- og naudhjelpskatastrofar rundt om i verda. Denne strategien gir kanskje meining i ein redaksjon, men samfunnsmessig verkar det forflatande og fordummande.

Ei anna sak som eg unngår for tida, er overgrepssaka i Alvdal. Her verkar det jo som om det har skjedd forferdelege ting, men det hjelper då ikkje desse ungane at verda skal få veta absolutt alt om det dei har blitt utsette for? Snarare tvert om, vil eg tru. Koss er det å møta folk du ikkje kjenner som har lese detaljar frå livet ditt i avisa, slike detaljar som mange bruker årevis på å tora å fortelja psykologar om? Det viktige er jo at dei som kan gjera noko med ei sak får detaljane, så får me andre veta nok til å forstå at slik må ein ikkje gjera.

Når eg skrur av og lukkar augo når dei malar ut overgrepsdetaljar frå Alvdal er det i redsel for å bli blasert og kynisk, men også i forakt for media som tener pengar på å spekulera i våre verste sider. For dersom ein tar inn over seg slike forferdelege ting, så er det vanskeleg å leva vidare som ingenting. Og dersom ein oppsøker eller fråtsar i dette utan å lata det gå inn på seg, kan ein då ikkje anna enn å bli blasert og tjukkhuda, eller i verste fall inspirert!

Nei, eg er ikkje så fornøgd med norske media for tida. Eg må nok gå i ytre eller indre eksil ei stund, lesa gode bøker og sjå gode filmar, ta inn noko som kan røra meg og få meg til å forstå meir av verda. Kanskje eg då kjem ut på andre sida som eit betre og mindre blasert menneske!