SSB: Nesten halvparten av BSU-skatteletta går til folk som eig ein bustad frå før

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nesten halvparten av BSU-skatteletta går til folk som eig bustad

Over 1,3 milliarder kroner blei gitt i skattefrådrag for sparing i BSU i 2016. 42 prosent av pengane gjekk til personar som allereie eig ein bustad, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Bustadsparing for ungdom (BSU) gir både høge sparerenter og store skattefrådrag for unge under 33 år som sparer inntil 25.000 kroner i året til bustadkjøp. Ordninga er meint å hjelpa unge inn på bustadmarknaden, men mange held altså fram med å spara i BSU også etter at dei har kjøpt sin første bustad.

Mest til dei som har mest

Tala frå SSB viser også, ikkje overraskande, at det er dei mest ressurssterke som tener mest på BSU-ordninga:

Blant den firedelen av unge under 33 som tener mest, får 48 prosent skattefrådrag for BSU-sparing. Blant den firedelen som tener minst, er talet 32 prosent.

Forskjellen er endå større om ein ser på kor rike foreldra er. Blant dei som har foreldre med store formuer, sparer over 37 prosent meir enn 5.000 kroner i året i BSU. Blant dei som har foreldre i den firedelen med minst formue, er talet 13,6 prosent. Truleg er det mange som får hjelp av foreldra til å fylla opp BSU-kontoen.

Omstridd ordning

Fleire ungdomspolitikarar har den siste tida tatt til orde for å fjerna eller endra BSU-ordninga.

– Me som skattebetalerar kan ikkje vera med på å gi pengar til dei som allereie eig. Då må me tenkja annleis, sa AUF-leiar Mani Hussaini til VG tidlegare i år.

– BSU fungerer i praksis som ei overføring frå dei som har lite til dei som har mykje, sa dåverande Unge Venstre-leiar Tord Hustveit.

– BSU kostar mykje pengar, og dei bør heller brukast på å hjelpa førstegangskjøparar til å nå eigenkapitalkravet gjennom til dømes Husbanken, eller ved å byggja billige studentbustader, sa Sostialistisk Ungdom-leiar Andrea Sjøvoll.

90 prosent av folket vil likevel behalda BSU-ordninga, ifølgje ei meiningsmåling.