Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 16.11.2017 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I løpet av opningsmånadene til første verdskrigen, midt i den brennande jingoismen som rulla over Storbritannia, foreslo diktaren Dorothea Hollins frå Women’s Labor League at eit ubevæpna ‘kvinneleg ekspedisjonskorps’ med tusenvis av kvinner skulle kryssa Europa ‘i tennene til pistolane’ og stille seg mellom dei krigande hærane i grøftene. Hollins store plan fann ikkje stad, men han kom heller ikkje frå ingenting. Det var næra av eit hundreår med aktivisme stort sett jorda i kjærleiken til mor. Eller, som Helena Swanwick, ein annan fredsaktivist, skreiv: dei delte frykta for at «kvinner ser at ungane deira døyr, men dei har inga herligheit; ikkje noko anna enn ubeskriveleg skrekk og skam».

Swanwick bidrog til å skipa Women’s International League for Peace and Freedom, ein organisasjon dedikert til å eliminera årsakene til krig. Ho håpa på ‘ei verd i ei fjern framtid som ikkje vil ha ein einaste soldat’. Mange aktivistar trudde at viss kvinner hadde politisk makt, ville dei ikkje starta krigar.

Men kor sant er dette? Blir det færre valdelege konflikter når kvinner vert leiarar, eller når delen representasjon på parlamenta stig? På kva måte før kvinner krig?

Lakshmi Bai, ei av dei mest imponerande kvinnene i verdshistoria. Foto: Public.Resource.org/Flickr

Viss du stiller dette spørsmålet høgt, vil ikkje eit minutt passera før nokon nemner den britiske statsministeren Margaret Thatcher som starta ein enormt populær krig på Falklandsøyene som leia til den enorme valsigeren ho fekk i 1983. Thatcher er neppe den einaste kvinnelege leiaren feira for krigshissinga si. Tenk på Boudicca, den utrulege blåmåla dronninga av Iceni-folket i Aust-England, som leia eit folkeopprør mot dei romerske inntrengerne; eller Lakshmi Bai, dronninga of Jhansi og ein leiar av det indiske opprøret i 1857 mot britane; eller til og med Emmeline Pankhurst, som leia britiske suffragetter i ein militant kampanje med sulteaksjonar, brannstiftinger og vindusknusing, som deretter, i 1914, vart ein valdsam tilhengjar av at Storbritania skulle gå inn i den første verdskrigen.

Men desse døma er anekdotiske fordi kvinnelege leiarar heile tida har vore svært sjeldne. Mellom 1950 og 2004, ifølgje data utarbeidd av Katherine W Phillips, professor i leiarskap og etikk på Columbia Business School, har berre 48 nasjonale leiarar frå 188 land – færre enn 4 prosent av alle leiarar – vore kvinnelege. 18 av desse var presidentar og 30 statsministrar. To land, Ecuador og Madagaskar, hadde ein kvinneleg leiar der dei vart erstatta med ein mann etter berre to dagar.

Steven Pinker har studert vald gjennom heile verdshistoria. Foto: Simon Fraser University/Flickr/CC-lisens.

Gjeve at utvalet med døme er så lite, er det berre dumt å spørja om det er meir sannsynleg at kvinner med makt fører krigar? Den medisinske antropologen Catherine Pantar-Brick, som leiar konflikt-, motstands og helseprogrammet ved MacMillan senter for internasjonal og områdestudium ved Yale University, synst ikkje det er noko vits i å gjere dette. – Stereotypar på kjønn kjem i sentrum, og samstundes antek ein at leiarskap er ukomplisert, fortalde ho meg.

Kanskje tenkte ho på det tenkjarar som Steven Pinkar hadde tenkt. I si The Better Angels of Our Nature (2011), studien hans av vald gjennom historia, skreiv Pinker at: «kvinner har vore, og vil vera, den pasifiserende krafta». Denne forventinga er ikkje alltid jorda i røyndom, seier Mary Caprioli, professor i statsvitskap ved Universitetet i Minnesota Duluth.

Saman med Mark A Boyer ved University of Connecticut rekna ho ut at det var ti militære kriser i det 20. hundreåret som involverte fire kvinnelege leiarar (sju av dei vart handtert av Golda Meir, statsminister i Israel frå 1969 til 1974). For å vurdera åtferda til leiaren til kvinner under kriser, seier dei, treng ein eit stort utval med døme – noko ‘historie ikkje kan gje’.

Oeindrila Dube, professor i globale konflikter-studium ved University of Chicago og S.P. Harish ved New York University – har studert fire århundre europeiske kongar og dronningar. I eit endå ikkje utgjeve tekst undersøka dei regjeringane av 193 monarkar i 18 europeiske politiske samfunn eller politiske einingar mellom åra 1480 til 1913 . Sjølv om berre 18 prosent av monarkane var dronningar – noko som gjorde analysen mindre statistisk påliteleg – fann dei at samfunna som vart styrt av dronninger var 27 prosent meir sannsynleg enn kongar til å delta i konflikter mellom statar. Ugifte dronningar hadde endå større sjanse for  å ta del i krigar der staten deira vart angripen, kan hende fordi dei vart oppfatta som svake.

Frykta for å bli oppfatta som svak påverkar òg moderne kvinnelege leiarar, ifølgje Caprioli, noko som kan hende får dei til å overkompensera på spørsmål om tryggleik og forsvar. Ho merkar at kvinner som etterliknar menn, som Thatcher, Meir og statsminister Indira Gandhi i India (1980-84) – som hevda å vera eit «samansett menneske», korkje mann eller kvinne – har større sjanse for å lukkast som politiske leiarar. Dei må òg kjempa mot negative stereotypar frå mannlege motstandarar. Til dømes sa Yahya Khan, tidlegare president i Pakistan (1969-71) at han ville ha reagert mindre valdsamt mot Indira Gandhi i løpet av Indo-Pakistan-krigen i 1971 viss India hadde hatt ein mannleg leiar. – Viss den kvinna [Gandhi] trur ho kan kua meg, nektar eg å ta det, sa han.

Isabella I av Castille. Bilete: Lisby/Flickr/CC-lisens.

Dube og Harish fann at kvinner hadde større sjanse for å angripa andre viss dei delte makta med ein ektefelle, som i tilfellet Isabella I og Ferdinand V som styrde kongedømma León og Castille mellom 1474 og 1504 . Eit merknadsverdig unntak er Katarina den Store, som vart keiserinne av Russland i 1762 etter mordet på ektemannen Peter III, og som utvida grensene til Russland med militære kampanjar med 520 000 kvadratkilometer, ho inkorporerte til og med Krim og mykje av det som er Polen i dag.

For at kvinner skal leie må dei ofte byrja med å involvera seg i politikken – stille til val til statlege eller nasjonale parlament, leia kampanjar, få kvinner til å stille til val for ei stilling. I 2017 er det verdsomspennande gjennomsnittet av kvinner i nasjonale lovgjevande forsamlingar berre 23,3 prosent – opp 6,5 prosent dei siste ti åra. Denne auka er viktig: data til Caprioli viser at kvar gong talet på kvinner i nasjonalforsamlinga aukar med 5 prosent er det fem gonger mindre sannsynleg at ein stat vel å bruka vald når han vert konfrontert med ei internasjonal krise (kan hende fordi kvinner oftare brukar ei «kollektiv eller konsensuell tilnærming» til konfliktløysing).

Statar har òg større sjanse for å oppnå varig fred etter ei konflikt når kvinner vert inviterte til forhandlingsbordet. Sjølv om talet på kvinner som er med i fredssamtalar er liten (ei SN-undersøking fann at berre 2,4 prosent av mellommennene, 9 prosent av forhandlarane er og berre 4 prosent av dei som underskriv avtalane, av totalt 31 fredsprosessar, er kvinner), ser det ut til at å inkludera kvinner kan gjera ein stor skilnad. Freden har større sjanse for å vara: Ein analyse av Inclusive Security, ein amerikansk ikkje-statleg organisasjon, gjorde det klart at 182 signerte fredsavtalar mellom 1989 og 2011 viste at avtalen hadde 35 prosent større sjanse for å vara minst 15 år viss kvinner er med som forhandlarar, mellommenn og/eller skriv under på avtalen.

Fredsprisvinnaren Leymah Gbowee. Foto: Fronteiras do Pensamento/Flickr/CC-lisens.

Kvinner lukkast som mellommenn og forhandlarar på grunn av kvalitetar som tradisjonelt vert oppfatta som kvinnelege og morosame. I Nord-Irland, Somalia og Sør-Afrika fekk kvinnelege deltakarar i fredsprosessar eit rykte for å fremja dialogen og engasjera alle partar. Dei er òg ofte sett på som ærlege meklarar, meir pålitelege og mindre truande, fordi dei opptrer utanfor formelle maktstrukturar. Til trass for at dei vert oppfatta som mjuke og smidige, er handlingane deira ofte ganske motsett. I 2003 leia den liberiske fredsaktivisten Leymah Gbowee ein koalisjon av tusenvis av muslimske og kristne kvinner i blokader, bøn og faste som bidrog til å avslutta den brutale 14-årige borgarkrigen i landet. Med tilnamnet «ein krigar for fred», vart Gbowee ein av vinnarane av Nobels fredspris i 2011 .

Omgrep som krigar, våpen og revolusjon vert ofte brukt for grupper som agiterer for fred, og kvinner er framleis «uforholdsmessig høgt representert”, ifølgje SN. I Israel organiserer Women Wage Peace protestar for å pressa regjeringa til å arbeida for ein levedyktig fredsavtale. I Argentina revolusjonerte mødrene til Plaza de Mayo «morskapet» ved å protestera mot at borna forsvann under den «skitne krigen» i Argentina frå 1977 til 1983, og forvandla morskap frå ei passiv rolle til ein offentleg styrke.

Margaret Thatcher, statsminister i Storbritania frå 1979 til 1990. Foto: Robert Huffstutter/Flickr/CC-lisens.

Det «væpninga» av tradisjonelle oppfatningar av femininitet var òg ein sterk del av den tiårige fredsleiren for kvinner ved Greenham Common i Storbritannia. Han byrja i 1981 som ein protest mot utplasseringa av 96 Tomahawk cruisemissil ved den amerikanske flybasen i Berkshire, kvinnene omringa og skar opp gjerda til luftbasen, klatra over gjerdet kledd som teddybjørnar og festa babyklede, flaskar, tannringar, bleiar og familiebilete til ledningene. Krigføringa deira var ikkje mindre militant enn krigen Thatcher leia i Falklandsøyene, men ho avviste kvinnene som ein «eksentrisitet».

Det ser ut til at uansett om kvinner kjemper for fred eller krig, må dei òg må kjempa mot forventinga om at dei sjølve er passive, svake eller særeigne. Historia viser oss at det ikkje er sant, og at i tilfellet Isabella I og Ferdinand V kunne dei vera ubarmhjertig grusame: ikkje berre leia kongeparet den spanske erobringa av det islamske kongeriket Granada i 1492, utviste både jødar og muslimar, torturerte dei som vart att og tvangskonverterte dei til kristendomen – i nokre tilfelle brende dei dei.

Aung San Suu Kyi, leiaren av Myanmar/Burma. Foto: UD.

Dei er heller ikkje alltid like fredsame som den personlege historia deira tyder på: Aung San Suu Kyi, den verkelege leiaren av Myanmar og mottakar av Nobels fredspris i 1991 «for sin ikkje-valdelege kamp for demokrati og menneskerettar», har vore vidt fordømd for å ikkje tala imot kampanjen for etnisk reinsing av det forfølgde muslimske minoritetsfolket Rohingya militærstyrkane til landet gjennomførte i 2017. Ifølgje Human Rights Watch har meir enn 400.000 rohingya-muslimar flykta over grensa til Bangladesh for å unnslippe ein krysseld av brenning av eigedom, grufulle brotsmål og valdtekter frå hæren sidan 25. august 2017.

— Kvinnelege leiarar kan verkeleg vera sterke når dei vert konfrontert med valdelege, aggressive og farlege internasjonale situasjonar, hevdar Caprioli. Men dei kan òg vera aggressive fredsarbeidarar.

Det er faktisk ein stereotype å avvisa kvinner som ibuande fredsame. Som Swanwick skreiv i The Future of the Women’s Movement (1913): The Future of the Women’s Movement (1913):

— Eg ynskjer å fråskrive heilt desse forventingane … i feministisk snakk om samfunnet i dag. Det vil seia forventinga om at menn har vore barbararane som elska fysisk kraft , og at kvinner åleine var sivilisert og siviliserande. Det er ingen teikn på dette i litteraturen eller historia elles.

Josie Glausiusz er journalist, og skriv om vitskap og miljø for magasin som Nature, National Geographic, Hakai og for den israelske avisa Haaretz. Denne teksta var først publisert i Aeon og vart omsett frå engelsk av Arnt Olav Foseide etter CC 3.0-lisens.Aeon counter – do not remove